(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning Voss herad 2021

Ny kompensasjonsordning for verksemder råka av smitteverntiltak

Voss herad har motteke kr 3 530 721 frå kompensasjonsordning som er meint å hjelpa lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. I tillegg har herdat fått 8 069 000 kroner frå kompensasjonsordning retta mot kommunar som har mange tilsette innan overnatting, servering og sesongbasert verksemd. Av dette vert 2 500 000 kroner sett av til ei særskilt ordning retta mot føretak som eig eller driv skianlegg.

Føretak som ikkje har fått støtte frå nasjonale kompensasjonsordningar tidlegare, vert prioriterte.

Desse kan søkja om kompensasjon:

· Verksemder som heilt eller delvis har falle utanom den generelle kompensasjonsordninga

· Lokale verksemder som er hardt råka av strenge smitteverntiltak. Særleg er det eit mål å kompensera for lokale verksemder sine kostnader eller tap som følgjer av smittevernetiltak og nedstenging.

· Destinasjonsselskap og fellestiltak for reiselivet, samt autoriserte besøkssenter for natur og verdsarv, som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt i 2021. For ytterlegare informasjon, sjå informasjon (i PDF) på regjeringen.no

 

Krav til søknad: Søknad om støtte skal registrerast på regionalforvaltning.no, i eit nytt søknadsskjema laga for denne ordninga. Søknaden må innehalda:

- Kontaktopplysningar og organisasjonsnummer

- Informasjon om økonomi og tapte inntekter

-Informasjon om eventuelt anna offentleg støtte

Som vedlegg skal det leggjast ved ei kort grunngjeving for søknaden, samt rekneskapsoversikt attestert av rekneskapsførar. Søknadsfristen er 25. april 2021.

Statsstøtteregelverket: Den kommunale støtta til verksemder må vera i samsvar med regelverket for offentleg støtte. Søknadane vil verta handsama politisk.

Kontaktperson i Voss herad: Iril Schau Johansen epost: Iril.S.Johansen@voss.herad.no

mobil: 470 26 347

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen