(Du er ikke pålogget) 
 

Grøn plattform - støtte til søknadsprosessen

VESTLAND FYLKESKOMMUNE LYSER UT INNTIL KR. 500 000 I STØTTE TIL UTVIKLING AV SØKNADER OM MIDLAR FRÅ GRØN PLATTFORM

Grøn plattform er ei ny satsing som gir næringslivet og forskingsinstitutt midlar til forskings- og innovasjonsdriven grøn omstilling. Målet med satsinga er å skape samfunnsøkonomisk lønsamt og berekraftig næringsliv. For å møte desse utfordringane har  Forskningsrådet, Innovasjon Norge, Siva og Enova ei koordinert utlysing av midlar til prosjekt som fører til grøn omstilling. Grøn plattform - utlysinga har søknadsfrist 12. mai 2021. Vestland Fylkeskommune lyser i samband med dette nå ut egne midlar til utvikling og førebuing av søknader.     

FØREMÅL

Målet med utlysinga er å styrke allereie modne  søknadsinitiativ frå Vestland fylke i ein krevjande nasjonal konkurranse om midlar til å grøn omstilling og regionalt viktige innovasjonsprosjekt. Midlane skal vere utløysande for å oppnå kritisk viktige resultat i søknadsprosessen.

Midlane frå fylkeskommunen er del av eit samla regionalt initiativ som også inneheld rådgiving og annan fagleg støtteaktivitet. Fylkeskommunen samarbeider med Innovasjon Norge i Vestland og Forskingsrådet sine regionansvarlege i Vestland fylke.

Det vert forventa at den som søkjer om økonomisk støtte også avklarar behov for rådgiving og annan fagleg støtteaktivitet frå fylkeskommunen eller samarbeidspartane. For nokre søknadsinitiativ er det viktigare med rådgiving enn økonomisk støtte. Det er ikkje krav om å søkje økonomisk støtte for å få slik rådgiving.

KVEN KAN SØKJE

Dei som kan søkje er bedrifter, bedriftsorganisasjonar og forskingsinstitutt med adresse i Vestland fylke som har motteke støtte til forprosjekt frå Grøn plattform utlysinga, og som arbeider med ein hovudsøknad til fristen 12. mai 2021. 

SØKNADSBELØP OG KVA EIN KAN SØKJE OM STØTTE TIL

Det er sett av samla inntil kr. 500 000 for denne utlysinga.

Kvar søkjar kan få inntil kr. 100.000 i støtte. Det vert rådd til at søkjarar vurderer om dei kan samarbeide om ein søknad om støtte, eventuelt at dei søkjer om å finansiere ein felles støttefunksjon for nokre initiativ som allereie er relatert til kvarandre.

Dette kan gjerne vere knytt til eit geografisk område som Sunnhordland, Mongstad, Ullensvang, Bergen eller Kinn, men også til felles institusjon som t.d. NORCE. Slike fellessøknader vert prioritert.

Midlane kan nyttast til å dekke personal- og indirekte kostnader for personar som skal arbeide med å utvikle ein Grøn plattform søknad. Dette kan gjelde personar i eigen organisasjon eller som er ei kjøpt teneste for søkjar.

Det må kome fram frå søknaden korleis midlane vert nytta i samanheng med støtta til forprosjekt og kva den søkte summen kan bidra til av kritiske oppgåver for å få fram ein god søknad om støtte til Grøn plattform.

Bedrifter eller bedriftsorganisasjonar som søkjer kan få tildelt midlane som bagatellmessig støtte og NORCE vil kunne få støtte etter regelverk for forskingsorganisasjonar si ikkje økonomiske aktivitet. Sjå Forskingsrådet sine definisjonar av ulike støttesatsar.  

VURDERINGSKRITERIER

Søknaden vert vurdert i forhold til kvalifikasjonskrava i utlysinga av hovudprosjekt frå Grøn plattform.  Det vert lagt særleg vekt på at midlane vert nytta til å arbeide med følgjande tre krav:

  • Krav til positive effekter for klima og miljø, og effekten skal være kvantifisert
  • Krav til konsortium (minimum to bedrifter og minimum eitt forskingsinstitutt eller annan godkjent forskingsorganisasjon) – og at det vert arbeidd med godt fagleg samspel mellom desse om oppgåveløysing i prosjektet.
  • Krav kvantifisert verdiskapingspotensiale, og plan for realisering av dette

FORENKLA BEHANDLINGSPROSEDYRE – KORT SØKNADSFRIST

Søknad skal sendast til Vestland fylkeskommune via www.regionalforvaltning.no

Det er utvikla eit enkelt digitalt søknadsskjema. Ta gjerne kontakt for nærare informasjon om utfylling av søknaden.

Det er kort tid til 12. mai. Søknader levert innan fredag 16. april vert vurdert samla med svar til søkjar seinast onsdag 21. april. Det er høve til å budsjettere kostnader frå søknadsdato.

KONTAKTPERSONAR:

Jone Engelsvold, jone.engelsvold@vlfk.no tlf 97660477 Siri Hanson siri.hanson@vlfk.no

Rådgiving Forskingsrådet i Vestland fylke, Rigmor Fardal. Rådgiving Innovasjon Norge Vestland – Leif I. Husabø.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen