(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning covid-19 - Bygland kommune (del 1 og 2)

Bygland kommune har fått 250.000 kr i ekstraordinære statlege midlar for å hjelpe lokale verksemder som er særleg hardt råka økonomisk av covid-19-pandemien. Midlane skal gå uavkorta til bedriftene. Det er ikkje krav om eigenkapital. Alle bedrifter registrert i Bygland kommune kan i utgangspunktet sende søknad om støtte, men kommunen vil først og fremst  prioritere følgjande bedrifter:

  • Bedrifter med betydeleg fall i omsetninga frå 2019 til 2020 (må dokumenterast med rekneskapsoversikter for 2019 og 2020).
  • Bedrifter med betydeleg svekka likviditet (må dokumenterast med bankutskrift av bankinnskot e.l. før covid-19-utbrotet i mars 2020 (februar 2020), samt bankutskrift av nyeste dato (mars 2021)).
  • Bedrifter som ikkje fekk støtte frå den statlege kontantstøtteordninga.
  • Bedrifter i etableringsfasen som har fått ein ekstra vanskeleg start grunna covid-19.
  • Bedrifter som er særleg hardt ramma av nasjonale smittevernstiltak, eller på andre måtar er særleg hardt ramma av covid-19-pendemien. Situasjonen vert beskrive i korte trekk med fokus på f.eks.:
    • Har bedrifta permittert eller sagt opp tilsette i perioden?
    • Har bedrifta måtte stenge ned verksemda heilt eller delvis?
    • Smittevernstiltak som legger føringar på, og avgrensar, ordinær drift?
    • Eventuelle andre forhold?

    Andre presiseringar:

  • Bedrifta skal ha forretningsadresse i Bygland kommune.
  • Bedrifta må legge ved skatteattest.
  • Ved konkurs dei kommande 2 mnd. frå tildelingsdato, skal tilskotet betalast tilbake.
  • Offentleg eigde verksemder, samt lag og foreiningar, kan ikkje søkje på denne ordninga.
  • Kommunen fordeler midla basert på innkomne søknadar. Det er ikkje nødvendig å spesifisere beløp i søknaden.

 

Søknadsfristen vert sett til 20. april.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen