(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning Covid-19 - Årdal kommune

Opprett ny søknad på støtteordning

Kommunal kompensasjonsordning – ny støtteordning for lokalt næringsliv som er særleg hardt ramma av smitteverntiltak

 

Som eit tiltak mot koronakrisa har Kommunal- og moderniseringsdepartementet løyvd midlar til kommunane for å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.  Årdal kommune har fått kr 475 397 av desse midlane.

Bruken av midlane skal særleg rettast mot:

  • Støtte som kompenserer lokale verksemder sine kostnadar eller tap som følge av smitteverntiltak og nedstenging
  • Støtte til verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringar, og andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar.
  • Det kan også gjevast støtte til destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet, samt autoriserte besøkssenter for natur og verdsarv, som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt i 2021.

Søknaden skal sendast elektronisk gjennom regionalforvaltning.no

Støtte til bedrifter blir gjeve i tråd med regelverket om offentleg støtte.

Årdal kommune har delegert til Årdal Utvikling å forvalte tilskotet. For meir informasjon kontakt Trine Grøttebø - tlf 92 22 38 74 – tg@ardal-utvikling.no

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen