(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder 2021- Kviteseid kommune

 
 

KOMMUNAL KOMPENSASJONSORDNING TIL LOKALE VERKSEMDER – Kviteseid kommune

Kviteseid kommune har gjennom Kommunal og moderniseringsdepartementet fått tildelt kr. 573 000 til ei kommunal kompensasjonsordning for lokale verksemder.

 

PRIORITERING AV SØKNADER

Kviteseid kommune skal fordele midlane til lokale verksemder som er ramma av strenge smitteverntiltak. Dette gjeld særleg støtte som kompenserer lokale verksemder sine kostnadar eller tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging. Verksemder innanfor reiseliv-, arrangemnets- og servicenæringane, vinterdestinasjonar og andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar vil bli prioritert.

Ein tek atterhald om ev. endringar i samband med politisk handsaming.

REGELVERK FOR BEHANDLING

Søknadene vert handsama i tråd med EØS-regelverket om offentlig støtte. Tilskotet vert gjeve som “bagatellmessig støtte” , noko som inneber at verksemda ikkje kan ha mottatt offentlig tilskot på over 200 000 euro i løpet av ein periode på 3 år.

NETTSØKNAD

Søknad utføras på www.regionalforvaltning.no med ei beskriving av kva for konsekvens pandemisituasjonen har hatt for verksemda og på kva for måtar ein har komen utanfor dei statlege kompensasjonsordningane.  Ein må synleggjere tal på permitterte og omsetningssvikt i forhold til 2019. I tillegg skal ein opplyse om det er mottatt offentleg støtte tidlegare.

SØKNADSFRIST

Søknadsfrist 18. mai 2021

Dersom det er meir midlar tilgjengeleg er seiste søknadsfrist 20.08.21 

UTBETALING AV TILSKOTET

Tilskotet vert i hovudsak utbetalt etterskotsvis etter rapportering og dokumentasjon av utgifter.  

KONTAKTINFORMASJON

For ytterlegare informasjon og vegleiing kan søkjarar kontakte:

Kviteseid kommune

elisabeth.lid@kviteseid.kommune.no

 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen