(Du er ikke pålogget) 
 

Bjerkreim: Nye koronamidlar: Kompensasjon til lokale verksemder

Bjerkreim: Nye koronamidlar: Kompensasjon til lokale verksemder ramma av pandemien

Kort om ordninga:
* Bjerkreim kommune skal fordela 506.082 kr i ekstra statlege koronamidlar, som kompensasjon til lokale verksemder ramma av smitteverntiltak.
* Tildelinga skal skje etter søknad i portalen https://regionalforvaltning.no
* Søknadsfrist: Sundag 16. mai 2021 kl. 24.00

Bakgrunn:
Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har oppretta ei ny tilskotsordning Kommunal kompensasjonsordning til lokale virksomheter, og Bjerkreim kommune har fått i oppgåve å fordela desse tildelte midlane på 506.082 kr. KMD fordelte Stortinget si ramme på 1,75 milliardar mellom kommunane etter fleire kriterie. Dette var bl.a. ut frå arbeidsledigheit, omfanget av forsterka smitteverntiltak, innbyggjartal og antal tilsette i overnattings- og serveringsbransjen.Minstebeløpet til kommunane var samla på 500.000 kr, så Bjerkreim har forholdsvis fått mykje pengar.

Målet med tilskotet er at kommunane betre skal kunna avhjelpa situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak som følgje av korona-pandemien.

Dette gjeld særleg støtte som kompenserer for kostnader eller tap som følgje av smitte-verntiltak og nedstenging, støtte til verksemder innafor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringar. Ordninga skal også fungera som ei kommunal ventilordning, for å kompensera lokale verksemder som har falt heilt eller delvis utafor dei generelle tilskots-ordningane.

Kven kan søkja om kompensasjon/støtte?
Kommunane har fått stor fridom til å tilpassa kva slags verksemder dei kan støtta, avhengig av den lokale situasjonen. LMT-utvalet vedtok den 28.04.21 desse kriteria for tildeling av tilskot til lokale verksemder i Bjerkreim kommune:

  • Søkjar/verksemda må ha forretningsadresse i Bjerkreim kommune
  • Høgast prioritet vil ein gje verksemder som av ulike grunnar, ikkje har fått eller fått lite tilskot frå andre kompensasjonsordningar under pandemien.
  • Ein vil prioritera næringar innafor reiseliv, overnatting, serveringsstader og kultur-arrangement. Men målet er å fanga opp dei som har tapt mest, uansett type næring.
  • Den økonomiske kompensasjonen skal dekka kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak eller nedstenging. Verksemder som kan dokumentera desse meirkostnadene og/eller redusert omsetning i forhold til tidlegare år, vert prioriterte – etter nivået på kostnadene/omsetningssvikten.
    Søkjarane må:
  • Gjere greie for korleis bedrifta er blitt påverka av Covid-19 pandemien. Forklare kva økonomiske konsekvensar smitteverntiltak og/eller nedgang i omsetning har hatt på bedriften.
  • Dersom bedrifta er i oppstartsfase og ikkje eksisterte i 2019 skal det opplysast om budsjett og forventa inntening.

Søknadsfrist, søknadsskjema og vurdering av søknadene:
Frist:                Sundag 16. mai 2021 kl. 24.00
Søknad:       Elektronisk søknadsskjema i portalen https://regionalforvaltning.no.
                            Søk opp ordninga: Bjerkreim: Nye koronamidlar: Kompensasjon til lokale verksemder.
                           
Her får ein tilgang til skjema når ein har registrert bedrifta.
                            Her må du fylla ut dei obligatoriske felta, og lasta opp dokumentasjon som viser redusert omsetning/ekstra kostnader som følgje av smitteverntiltak/ nedstenging.
Behandling:     LMT-utvalet vil behandla dei innkomne søknadene i møte den 16.06.21, etter innstilling frå rådmannen.


Tilskotet vert tildelt i form av bagatellmessig støtte. Søkjar må derfor opplysa om kva for anna offentleg støtte føretaket har mottatt i løpet av 2019, 2020 og 2021, sidan det er krav om ei maksimal tildeling på 200.000 Euro.

Anna
Opplysningar som gis i søknaden vil i utgangspunktet vera offentlege etter offentleglova.

Kontaktperson:
For spørsmål ta kontakt med landbrukssjef Gerd Siqveland Engelsgjerd, tlf. 51 20 11 70 og
e-post: gerdse@bjerkreim.kommune.no

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen