(Du er ikke pålogget) 
 

Sør-Fron kommune - Kommunal kompensasjonsordning til lokale virksomheter 2021 - runde 3

Kommunal kompensasjonsordning for lokalt næringsliv ramma av covid-19 situasjonen – runde 3

Kommunane har fått tilført nye midlar frå KMD til den kommunale kompensasjonsordninga, og Sør-Fron kommune har nå kr. 434.000 til fordeling. Søknadsfrist er 15. august 2021. Bedriftene kan søkje kompensasjon for fyrste halvår 2021. Det som kan kompenserast er tap som ikkje blir dekt av andre offentlege kompensasjonsordningar og eventuelle ekstra kostnader knytt til nedstenging og utgiftar til smittevern i perioden.

Kven kan søkje om midlar?

Kommunane skal bruke midlane på lokale verksemder som er ramma av strenge smitteverntiltak. Dette gjeld særleg støtte som kompenserer lokale verksemders kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging, støtte til verksemder innafor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringane, og andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar.
Kommunane har betydeleg fridom til å tilpasse kva slags verksemder dei kan støtte avhengig av den lokale situasjonen.
Støtta blir berekna skjønnsmessig ut frå søknadsgrunnlaget, dokumentasjon, mengda søknader og tilgjengelege midlar til fordeling.
Verksemder som har søkt tidlegare på kompensasjonsordninga, men ikkje fått støtte eller fått begrensa støtte, kan også søke på del 3.

Støtta gjeld for 2021

Støtta skal vera med på å kompensere for omsetningssvikt, kostnader eller tap i perioden januar – august 2021.

Bedrifter i desse bransjane vil bli prioritert:

  1. Servering og skjenking
  2. Reiseliv, turoperatørar og overnatting
  3. Treningssentre og andre kommersielle fritidstilbod. Verksemda må ha hatt ein omsetnad på meir enn 1 millionar kroner i 2019 eller 2020 for å kunne søkje.
  4. Butikkar som har måtte halde stengt i delar av 1. halvår 2021.
  5. Samarbeidsprosjekt med formål å fremje lokalt reiseliv. Prosjektskildring må leggast ved søknaden.

I tillegg vil det bli opna for søknader frå verksemder som ikkje tidlegare har mottatt støtte via kommunal kompensasjonsordning for følgjande bransje:

6.     Private transportverksemder herunder taxiselskap og lokale turbussoperatørar som kan syne til betydeleg svikt i omsetnad for perioden.

 For alle overnemnte kategoriar gjeld:

  • Tilskot vil bli gitt som bagatellmessig støtte etter statsstøtteregulativet
  • Hovuddelen av drifta må vera lokalisert i kommunen
  • Lokale avdelingar i større konsern, vil normalt vera utelukka frå ordninga
  • Bedrifter som har betalt ut utbytte til eigarar i 2020 og 2021 vil normalt ikkje kunne søkje
  • Eventuelle tilsagn vil bli justert i henhald til tidlegare innvilga støtte
  • Vi ber om følgjande vedlegg:
    • Skatteattest og eventuell dokumentasjon på innvilga betalingsutsetting frå Skatteetaten ved skuldige beløp. Ved eventuelle betalingsanmerkningar mot bedrifta, må forklaring frå autorisert rekneskapsførar ligge føre.
    • Halvårsrekneskap 2021, periodisert og kontospesifisert med både balanse og resultat
    • Årsrekneskap 2020.

Hensikta med tilskotet er å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. 

Søknadsportal

Søknader mottas kun via regionalforvaltning.no

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen