(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning runde 3, nasjonalt notifisert ordning, Sunnfjord kommune

Er di bedrift hardt ramma av smitteverntiltak? Kommunal kompensasjonsordning runde 3 er lyst ut med søknadsfrist 30.09.21.

 Sunnfjord kommune er i tredje runde tildelt kr. 3.147.000 til kommunal kompensasjonsordning. Hensikta er den same som med dei to førre tildelingane – tilskotet skal sette kommunane raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Ordninga skal og fungere som ei kommunal ventilordning, for å kompensere lokale verksemder som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.

 Kommunane skal bruke midlane på tiltak for lokale verksemder som er ramma av strenge smitteverntiltak. Dette gjeld særleg støtte som kompenserer lokale verksemder sine kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging.

 Kommunane har eit stort handlingsrom til å tilpasse kva type verksemder dei skal støtte avhengig av den lokale situasjonen. I Sunnfjord er spesielt reiselivsnæringa og serveringsstadane hardt råka. Desse har vore prioritert i tidlegare rundar. I runde 3 vil dei som ikkje har fått tildeling i dei tidlegare rundane bli prioritert først. Alle kan søke, men av næringar er det reiseliv, arrangement og serveringsstader som framleis vil få første prioritet, deretter lokale tenesteytande næringar og handelsverksemder (ikkje daglegvarer) og andre verksemder som av ulike grunnar fell heilt eller delvis utanfor dei generelle og tidlegare kompensasjonsordningane.

 Søknadsprosessen er enkel og tilskotet er i stor grad tillitsbasert.

Nærare om kriteria og prioritering for tildeling av støtte:

 

Sunnfjord kommune har sett følgjande kriterier for tildeling i runde 3

(under føresetnad av at formannskapet godkjenner dette i møte 16.09.21)

Mål for ordninga (lyst ut som nasjonal notifisert ordning)

Ordninga skal sikre tilgang til likviditet i verksemder og dempe dei økonomiske konsekvensane av Covid-19-pandemien, ved hjelp av direkte tilskot. Ordninga skal rettast mot lokale verksemder.


Tilskotet kan dekke

Midlane skal brukast på tiltak for lokale verksemder, etablerarar og andre næringsaktørar som:

  • har tap av omsetning/inntekt som følge av Covid-19-pandemien eller den påfølgande økonomiske nedgangen
  • har auka kostnader som følgje av tiltak for å unngå spreiing av Covid-19, og kostnader direkte knytt til Covid-19-lågkonjunktur
  • har tap av varer pga. Covid-19-pandemien

Målgruppe for den nasjonalt notifiserte ordninga

Følgjande næringar skal prioriterast i følgjande rekkefølge:

  1. Reiseliv, arrangement og serveringsstader
  2. Lokale tenesteytande næringar og handelsverksemder (ikkje daglegvare)
  3. Andre verksemder som av ulike grunnar fell heilt eller delvis utanfor dei generelle og tidlegare kompensasjonsordningane

Ein vil tildele støtte til bedrifter etter følgjande prioritering:

  1. Bedrifter i målgruppe a), b) og c) som ikkje har fått tildelt midlar i dei 2 førre rundane, og som har blitt tildelt relativt små beløp frå den generelle statlege kompenasjonsordninga sett i forhold til kva verksemda har hatt i tap
  2. Bedrifter i målgruppe a), b) og c) med omsetning over 3,5 mill i 2019. For nystarta verksemder budsjett 2020
  3. Bedrifter i målgruppe a), b) og c) med omsetning under 3,5 mill i 2019. For nystarta verksemder budsjett 2020

Storleik på tilskotet

  • Storleiken på tilskotet vil bli forholdsmessig vekta mot storleiken på tapet, og maks 75% av kostnadene/tapet det vert søkt om kompensasjon for.
  • Det vert sett ei øvre beløpsgrense på kr 300.000 for bedrifter som ikkje tidlegare har motteke støtte frå den kommunale kompensasjonsordninga, og maks kr 200.000 for bedrifter som tidlegare har motteke støtte frå denne ordninga

Krav til søkarane

  • Verksemda må ha forretningsadresse i Sunnfjord kommune
  • Verksemd som er del av eit konsern kan søke, men kan kun motta støtte for den økonomiske aktiviteten som er lokalisert i Sunnfjord kommune
  • Verksemda må ha tilsette eller ha innleige av personell frå same konsern
  • For enkelmannsføretak må føretaket si inntekt vere minst ein av eigarane si hovudinntekt
  • Verksemda må ikkje vere under konkursbehandling eller under frivillig/tvungen avvikling
  • Verksemda må ikkje ha uteståande skattar og/eller avgifter
  • Opplyse om kva anna offentleg støtte føretaket har motteke i løpet av 2019, 2020 og 2021, og korleis denne støtta er heimla. Konsern må oppgje støtte på konsernnivå.
  • Krav til dokumentasjon av kostnader og tap. Følgande skal leggast med som vedlegg til søknaden:
    • Ei beskriving av årsak til tapet og spesifikasjon av tapt omsetning og/eller meirkostnader som grunnlag for søknadsbeløp. Det ein har fått frå tidlegare tildelingar frå kommunale og statlege kompenasjonsordningar skal trekkast frå og gje søknadsgrunnlaget.
    • Årsrekneskapen for 2020 og siste avlagte perioderekneskap for 2021
    • Skatteattest (attest for skatt og meirverdiavgift) datert 30.08.21 eller seinare
  • Det er ikkje krav til revisorattestert dokumentasjon, men ein må vere førebudd på å levere det viss det vert etterspurt

 

Søknadsfrist 30. september 2021

Søknadsportal og forholdet til regelverket

Ein forenkla søknad skal sendast inn gjennom regionalforvaltning.no under søknadsskjema med tittel «Kommunal kompensasjonsordning runde 3, nasjonalt notifisert ordning, Sunnfjord kommune».

Tilskot til verksemder må vere i samsvar med regelverket for offentleg støtte.

For meir informasjon og spørsmål, ta kontakt med Sunnfjord Utvikling:

Sunnfjord Utvikling AS er Sunnfjord kommune si førstelinjeteneste innan næringsutvikling og er sett til å forvalte det kommunale næringsfondet og kompensasjonsmidlane på vegne av kommunen. 

 

 

 

 

 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen