(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning hausten 2021-Covid19

Kommunal kompensasjonsordning for lokale bedrifter i høve til Covid-19, hausten 2021 – søknadsfrist er tysdag 30. november

 

Osterøy kommune skal fordele statlege kompensasjonsmidlar motteke frå Kommunal og moderniseringsdepartementet til lokale verksemder som er ramma av smitteverntiltak i kommunen. Det er løyvd
1 256 000,- til Osterøy kommune.

Kven kan søkje om midlar?
Kommunen skal bruke midlane på lokale verksemder som er særleg hardt ramma av strenge smitteverntiltak. Dette gjeld særleg støtte som kompenserer lokale verksemder sine kostnader eller tap knytt til smitteverntiltak og nedstenging, støtte til verksemder innan reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringene, og andre verksemder som av ulike årsaker fell utanfor generelle kompensasjonsordninger.

Kommunen har stor fridom til å tilpasse kva slags verksemder dei kan støtte avhengig av den lokale situasjonen. Verksemder som har søkt tidlegare på kompensasjonsordninga, men ikkje fått støtte eller fått avgrensa støtte, kan også søke. Støtta skal være med på å kompensere for svikt i omsetning, kostnadar eller tap i perioden januar – november 2021.

Tilskotet er knytt til regelverket Notifisert ordning under Covid-19-rammeverket.

Gå inn på www.regionalforvaltning.no
Her kan du lese om kven som kan søkje og korleis du søkjer støtte.

 

Spørsmål om søknad kan rettast til

Kommunalsjef Samfunnsutvikling Berit Karin Rystad, 90619328

E post: berit.karin.rystad@osteroy.kommune.no

 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen