(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond 2022 Ulstein kommune

Nytt næringsfond Ulstein kommune 2022

Nattanan Kanchanaprat/PixabayDet vert oppretta eit nytt kommunalt næringsfond frå 1. januar 2022. Vi håper dette vil stimulere nye og etablerte verksemder til å satse!

- Næringsfond har ein god effekt for å sette små og store utviklingstiltak i gang for det lokale næringslivet og at det kan vere avgjerande for om nokon startar ei verksemd, seier kommunalsjef organisasjon og utvikling, Monica Cecilie Torp.

- Det vert opna for å ta imot søknadet frå 1. januar 2022 via http://www.regionalforvaltning.no, opplyser ho.

Det er formannskapet som har gjort vedtak om å opprette fondet. Retningslinjene kan du lese HER.

Ulstein kommune fekk kvart år fram til 2017 regionale utviklingsmidlar frå fylkeskommunen. Desse skulle nyttast til kommunalt næringsfond. Etter 2017 har det ikkje kome inn nye midlar og dei midlane som var igjen vart utdelt gjennom 2018 og 2019. Inngåande balanse på næringsfondkontoen var i 2010 kroner 800.000. Det viser seg at det framleis står att 800.000 kroner. Vi ønsker difor å nytte dei attståande midlane etter dei nye retningslinjene.

Eventuelle uteståande og/eller tilbakeførte midlar frå tidlegare covid-19 næringsfond 2020-2021 vert overført til dette fondet.

Kontakt

Monica Cecilie Torp
kommunalsjef
Mobil 907 43 207

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen