(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning 2022- Del 6 - Tokke kommune

Opprett ny søknad på støtteordning

Søknadsfrist 20.januar 2022

Det er ny tildeling til kompensasjonsordning til lokale verksemder som er hardt ramma av strenge lokale eller nasjonale smitteverntiltak og/eller nedstenging og som har hatt auka kostnadar eller tap som følgje av dette. 

KOMMUNAL KOMPENSASJONSORDNING COVID 19 – DEL 6 - TIL LOKALE VERKSEMDER I TOKKE KOMMUNE
Tokke kommune har gjennom Kommunal og moderniseringsdepartementet fått tildelt kr 364.000 til kommunal kompensasjonsordning for lokale verksemder, del 6.
Tokke kommune skal fordele midlane til lokale verksemder som på ny er hardt ramma av strenge lokale eller nasjonale smitteverntiltak og/eller nedstenging - og som har hatt auka kostnadar eller tap som følgje av dette og for at verksemdene kan oppretthalde arbeidsplassar og viktig kompetanse.

 
PRIORITERING AV SØKNADER
Verksemder  innan servering, overnatting og reiselivsarrangørar vert prioritert.

Andre verksemder som er ramma av restriksjonar kan og søkje.

REGELVERK FOR BEHANDLING
Søknadene vert handsama i tråd med notifisert ordning for støtte - nasjonal paraplyordning (godkjent av ESA 16. april 2021), for bruk av den kommunale kompensasjonsordningen. Så meir info
her. 

Stønad vert gjeve til aktivitet i verksemda lokalisert i Tokke kommune.

NETTSØKNAD
Søknad gjennom  
www.regionalforvaltning.no  

Søknad må innehalde namn på foretaket, organisasjonsnummer, tilskotsbeløp og opplysningar om tidlegare motteken støtte og kven som har gjeve denne støtta.

Dokumentasjon:

  • Skatteattest
  • Rekneskap 2020
  • Foreløpig rekneskap pr. desember 2021
  • Opplysningar om totalt beløp for tidlegare motteken støtte i samband med Covid 19.

    Søknadsfrist 20.januar 2022.
 

 
KONTAKTINFORMASJON
For ytterlegare informasjon og vegleiing kan søkjarar kontakte:
Tokke kommune
Åse Ingebjørg Flateland
Telefon: 91721365
E-post: aseingebjorg.flateland@tokke.kommune.no

 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen