(Du er ikke pålogget) 
 

Runde 6- Kommunal kompensasjonsordning - Vindafjord kommune

Kommunal kompensasjonsordning runde 6 for verksemder som er spesielt råka av covid-19

 

Vindafjord kommune har på ny fått tildelt midlar til kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder. Like før jul blei det gjort ein tildeling (runde 6) der Vindafjord kommune er tildelt kr 501 000. Kommunen har i tre tidlegare rundar blitt tildelt til saman kr 1 717 935.  Lokalt næringsliv i Vindafjord må søke på midlane. Søknadsfrist er 21.01.2022.

 

Den kommunale kompensasjonsordninga for lokale verksemder har vore viktig for å sikre verdiar og jobbar i heile landet. Regjeringa har gjennom saldert budsjett forsterka ordninga med nye 500 millionar kroner som kommunane skal bruke til å støtte lokalt næringsliv gjennom krisen. Dette er den 6 runden med slik støtte i pandemien og Vindafjord har fått tildelingar i 3 av rundane tidlegare.

  • Alle kommunane får minst 250.000 kronar kvar
  • Resten av midlane er fordelt etter tal sysselsette i serverings- og overnattingsverksemder og reisearrangørar 1. kvartal 2021.

Midlane skal

  • kompensere lokale verksemder sine kostnadar eller tap som følge av inngripande restriksjonar, at reservane er brukt opp, smitteverntiltak og nedstenging.
  • Vere ei ventilordning som kan nyttast til å hjelpe dei verksemdene som av ulike grunnar fell utanfor lønsstøtteordninga eller den generelle kompensasjonsordningar.

Målgruppe

Kommunane har stor fridom til å tilpassa kva verksemder dei kan støtta avhengig av den lokale situasjonen.

Målgruppa er lokale  små- og mellomstore verksemder med forretningsadresse i Vindafjord kommune med særleg vekt på bransjane som er knytt til servering, overnatting og reiseliv.

Andre bedrifter i kommunen som kan dokumentere å vere ramma av smitteverntiltak eller nedstenging, med tilhøyrande økte kostnader, tap av omsetning eller risiko for å miste viktig arbeidskraft kan og søkje.

Vurdering av søknadar

Støtta gis etter reglane for offentleg støtte og nasjonal notifisert ordning under Covid-19 rammeverket (Dec. No 031/21/COL). 

Det er krav om at søkar fyller ut eigenerklæring om offentleg støtte, samt eigenerklæring om verksemda er i økonomiske vanskelegheiter. Desse eigenerklæringane er innarbeida i www.regionalforvaltning.no.

Kostnader og tap må være knytt til siste halvår 2021, omsetning i forhold til siste halvår 2019.

Søknaden må dokumentere tap som følgje av smitterverntiltak og nedstenging. Dette kan som eksempel gjerast med følgjande vedlegg:

  • Skildring og dokumentasjon for økte kostnadar og tap i 4. kvartal 2021(F.eks. avbestillingar, faktura gjeldande Covidtiltak osv.)
  • Utgreiing om kvifor verksemda er særlig hardt ramma av lokale og/eller nasjonale smitteverntiltak
  • Rekneskap for perioden 01.07.19 – 31.12.19
  • Omsetning frå rekneskapen for perioden 01.07.21 – 31.12.21

Involverte kommunar eller andre aktuelle instansar har rett til å kontrollere dei oppgitte opplysningane mot godkjent rekneskap i ettertid, og kan krevja utbetalt tilskot tilbakebetalt om det er gitt på feilaktig grunnlag.

 

Søknadane vil bli behandla administrativt kort tid etter søknadsfrist og utbetalt på kontonummer som er oppgitt i søknaden. 

Innsending av søknad

Søknad skal sendast  på www.regionalforvaltning.no - Runde 6- Kommunal kompensasjonsordning - Vindafjord kommune

Søknadsfrist

Søknadsfrist er 21.01.2022.

Anna informasjon

Opplysningar som blir gitt i søknaden vil i utgangspunktet vera offentlege etter offentleglova.

Ordninga følger reglar i forskrift om distrikts- og regionalpolitiske verkemiddel om utlysing, saksbehandling, klage, kontroll med meir

Kontaktpersonar

For spørsmål og hjelp i søknadsprosessen, ta kontakt med førstelinjetenesta vår, Medvind24 næringshage på e-post post@medvind24.no eller mobil 45 86 55 08.

Kontaktperson i kommunen er Anne Sofie Sandvik, kommunalsjef for samfunnsutvikling.
Mobil 
93 64 60 43 eller anne.sofie.sandvik@vindafjord.kommune.no.

 

 

 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen