(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning for lokale virksomheter del 6

Kompensasjonsordning for lokale verksemder  -  ny kunngjering

Samnanger kommune vart i desember 2021 tildelt 424 000 kroner frå staten til vidarefordeling til lokale verksemder, som kompensasjonstilskot i samband med koronapandemien. Ordninga skal setja kommunane raskt i stand til å avhjelpa situasjonen for lokale verksemder for å oppretthalda arbeidsplassar og viktig kompetanse. 

Kommunen kunngjorde 13.01.2022 søknadsfrist for å søkja om midlar frå denne tildelinga. Søknadsfristen var 27.01.2022. Kommunestyret vedtok 24.02.2022 å forlenga søknadsfristen. Ny søknadsfrist er 13.03.2022. Det er i samband med forlenginga av søknadsfristen også gjort nokre justeringar i publiseringsteksten. Verksemder som allereie har søkt om midlar i denne tildelingsrunden treng ikkje søkja på nytt, men kommunen kan ved behov be om meir dokumentasjon.

 

Mål for ordninga

Målet med ordninga og tilskotet er å avhjelpa lokale verksemder som har vore særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Målet er at likviditeten skal betrast for det lokale næringslivet og at verksemdene får dekka dokumenterte meirkostnader og/eller dokumenterte tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging.

 

 Kven kan søkja om kompensasjon? 

Kommunen har fridom til å tilpassa kva verksemder som skal få støtte, avhengig av den lokale situasjonen knytt til nedstenging og tapt omsetnad. Samnanger kommune vel i denne runden å fordela midlane til verksemder som kan dokumentera tapte inntekter og/eller meirkostnader under pandemien. Kommunen vil eventuelt prioritera verksemder som ikkje har søkt om/fått koronastøtte tidlegare. Ut frå det totale talet på søkjarar og søknadsbeløp vil kommunen gjera vedtak om tildeling. Tildelinga av støtte vil til ein viss grad vera basert på skjønn.  

 

Krav til søknad:

Søknaden må registrerast og sendast gjennom www.regionalforvaltning.no. 

Søknaden må innehalda følgjande: 

  • Kontaktopplysningar og organisasjonsnummer
  • Informasjon om økonomi: tapte inntekter og/eller meirkostnader
  • Grunngjeving for søknaden
  • Dokumentasjon som synleggjer tapte inntekter/auka kostnader under koronapandemien. Dette kan for eksempel vera rekneskap eller omsetningstal for 2019, 2020 og 2021 (for 2021 kan ein leggja ved førebels rekneskap).
  • Informasjon om eventuell anna offentleg stønad som verksemda har søkt om og/eller motteke under koronapandemien.

 

Sakshandsaming: 

Samnanger kommune behandlar innkomne søknader etter at søknadsfristen har gått ut. Vedtak om tildeling/fordeling av midlane vil bli gjort av formannskapet. Kommunal støtte til verksemder må vera i samsvar med regelverket for offentleg støtte. 

 

Søknadsfrist: Søndag 13. mars 2022

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen