(Du er ikke pålogget) 
 

Aurland kommune- kommunale kompensasjonsmidlar runde 6

Opprett ny søknad på støtteordning

Aurland kommune har motteke kr. 1. 045.000,- i kommunale kompensasjonsmidlar som ein no lyser ut med søknadsfrist 20. 01.2022. Føremålet med ordninga, og tilskotet, er å sette kommunen raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder i for å oppretthalde arbeidsplassar og viktig kompetanse i verksemdene. Alle kommunar har fått tildelt kr. 250.000,- i grunnbeløp, resten av summen har vorte fordelt på grunnlag av tal tilsette i serverings- og overnattingverksemder og reisearrangørar i 1. kvartal 2021. Ordninga skal rettast mot lokale verksemder som er særskilt råka av lokale eller nasjonale smitteverntiltak eller den økonomiske nedgangen, som fylgje av covid-19 pandemien.

 

Desse kan søkje om midlar til kompensasjon: 

  • Verksemder som har adresse i Aurland kommune, og aktivitet lagt til kommunen.
  • Verksemder som kan dokumentera tap av omsetjing/inntekt som fylgje av Covid-19 og den påfølgande økonomiske nedgangen.
  • Verksemder med auke i kostnader som fylgje av tiltak for å unngå spreiing av covid-19 (smitteverntiltak).
  • Verksemder som er gjenstand for tap av varer pga covid 19-pandemien.
  • Verksemder med tilsette innan reiseliv, overnatting og serveringsnæringane vil verte prioriterte i tildelinga av støtte, men andre verksemder som framleis er råka av restriksjonar og pandemien kan òg søkje.
  • Midlane skal gå til å oppretthalde arbeidsplassar og viktig kompetanse.
  • Om verksemda har fått stønad ved tidlegare utdeling av kommunale kompensasjonsmidlar så må søknaden gjelde nye kostnader, som ein ikkje har fått stønad før tidlegare.

 

Støtteform

Nytt  i samband med denne utlysinga er at kommunane skal bruke den notifiserte ordninga for alle tilskot i denne tildelingsrunden.

  • Virksomheiter som var i vanskar per 31. desember 2019 refgruppeunntaksforordninga artikkel 2, paragraf 18, kan ikkje verte tildelt støtte.

     

  • ESA har godkjent ein utviding av notifisert ordning til 30. juni 2022, samt heva beløpet for kva føretak kan motta i tilskot, til 2,3 millionar EURO.

     

  • Verksemder som er innanfor kommunen sin eigen regi kan ikkje få tildelt støtte.

 

Krav til dokumentasjon:

Fullstendig søknad med dokumentasjon må vera levert inn via søknadsskjema innan fristen for at søknaden skal verta handsamast.

Søknaden må ha vedlagt dokumentasjon på tap som følgje av smitteverntiltak og stenging, som:

  • Tapte inntekter knytt til nedstenging i høve offentlege smittevernkrav
  • Andre kostnader som fylgje av nedstenginga
  • Dokumentasjon på korleis ein skal bidra med å oppretthalde arbeidsplassar og viktig kompetanse i verksemdene.
  • Eigenerklæring på om verksemda er i økonomiske vanskar, (erklæringa er innarbeida i søknadsskjemaet).
  • Søkjar må informera om anna kompensasjonsstønad konsernet og verksemda har motteke, statleg eller kommunal.
  • Informasjon om kva anna offentleg støtte føretaket har motteke i løpet av 2019, 2020 og 2021, og kva ordning støtta er heimla i (stønad frå kommune, stat, fylkeskommune, Innovasjon Norge).
  • Om verksemda er ein del av eit større konsern så må dette dokumenterast.

Dokumentert tap må inkludera erklæring frå uavhengig tredjepart (autorisert rekneskapsførar/revisor). Ein må leggje ved  ei oversikt eller eit rekneskap som syner tap av inntekt eller auka kostnader som fylgje av korona.  

Det vil ikkje bli kravd skatteattest.


Søkjar må syte for at samla motteke offentleg støtte ikkje overstig dei grensene som til ei kvar tid gjeld ifølge EØS sitt statsstøtteregelverk

Søknad

Bedrifter kan søkje på ordninga via portalen www.regionalforvaltning.no . Aurland kommune set krav om at søknaden skal leverast elektronisk på dette systemet, og kan gi hjelp dersom dette er ei utfordring. Søknader som kjem etter fristen vert ikkje handsama.

Søknadsfrist:

Fristen for å søkje er sett til 20. januar 2022

NB!

I samband med utdeling av midlar så vil ein vurdere utdeling basert på kva tap verksemda har, og kva andre kompensasjonsmidlar ein har motteke.

Verksemder som kan dokumentere tap og som fell innanfor kriteria for tildeling vil få tildelt ein lik prosentdel i kompensasjon.

Søknadane vil verta handsama i formannskapet truleg i samband med møtet 3. februar 2022. 

Meir informasjon

  • Statsbudsjett 2021-tilskuddsbrev kommunal kompensasjonsordning for lokale virksomheter
  • Veileder-H-2496
  • Opplysningar som kjem fram i søknaden vil i utgangspunktet vere offentlege, med mindre det er heimel for unntak etter Offentleglova.
  • Kontaktperson: For spørsmål og hjelp i søknadsprosessen, ta kontakt med Næringsrådgjevar i Aurland kommune.  

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen