(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal Kompensasjonsordning 6 - Fjaler kommune

Fjaler kommune har fått tildelt NOK 392 000 til ny kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder.

Målet med ordningen er å sette kommunene raskt i stand til å hjelpe lokale verksemder å oppretthalde arbeidsplassar og viktig kompetanse. Ordninga skal ved hjelp av direkte tilskot sikre likviditet til bedrifter råka av covid-19 pandemien.

Kven kan søkje?

Kompensasjonsordninga gjeld alle verksemder i Fjaler kommune som igjen er råka av strenge smittevernstiltak på grunn av pandemien. Dette gjeld i særleg grad serverings-og overnattings-verksemder og reisearrangørar.

Merk at kommunen har stor fridom til å støtte ulike delar av næringslivet avhengig av den lokale situasjonen.

Krav til søkar

a) Verksemda må ha forretningsadresse i Fjaler kommune.

b) Verksemda må ikkje vere under konkursbehandling eller under frivillig/tvungen avvikling.

c) Verksemda må opplyse om anna offentleg støtte dei tresiste åra.

d) Søkjar må dokumentere kostnader og tap som følgje av smittevernstiltak.

 

Støttebeløp og reglar for berekning av støtte

Søknader vert handsama av Fjaler Næringsutvikling sitt styre.

Dersom omsøkt støtte er større enn midlane kommunen har fått tildelt, vil kommunen gjere ei avkorting. 

Korleis søke om støtte?

Søknad sendes via www.regionalforvaltning.no. Ordninga er lyst ut som eit eige kommunalt næringsfond med tittel " kommunal kompensasjonsordning 6-Fjaler kommune".

Søknadsfrist

20. januar 2022

 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen