(Du er ikke pålogget) 
 

VOLDA KOMMUNE - Kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder, kap. 553.68N

Opprett ny søknad på støtteordning

 

 

Kommunal kompensasjonsordning 2022 - Volda kommune

Kommunal- og distriktsdepartementet har tildelt Volda kommune kr 691.000 i midlar som skal sette kommunen betre i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Mål for tilskotet og krav til bruk av tilskotet
Målet med ordninga er å sette kommunane raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder for å oppretthalde arbeidsplassar og viktig kompetanse i bedrifter

Tildelingskriterier og prioritering av økonomisk stønad

  •  Lokale verksemder innanfor servering, overnatting, arrangement og reiseliv
  •  Lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale og nasjonale smitteverntiltak og som har hatt kostnader eller tap som følgje av smittevernstiltak og nedstenging.
  •  Andre verksemder som av ulike grunnar fell heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.
  •  Verksemda må vere registrert i Brønnøysund og ha adresse i Volda kommune
  •  Verksemd som ikkje har motteke kompensasjon tidlegare eller frå andre ordningar.
  •  Verksemder med tilsett
  • Maksimal støtte i denne runden er 120.000
  • Maksimal støtteintensitet er 70%, altså 70% av dokumentert tap.
  • Støttebeløp vil bli avkorta forholdsmessig dersom totalsum av alle søknader overstig tildelt ramme til kommunen
  •  Verksemder som er viktige i lokalmiljøet
  •  Oppstartsbedrifter vert også vurdert

Krav til dokumentasjon, skal leggast med søknaden.

  1. Kopi av fakturaer/kvitteringer på merkostnader eller uunngåelige faste kostnader.
  2. Estimat på tapt omsetning - dokumentert med regnskap samme periode tidligere år, bekreftet av autorisert regnskapsfører/revisor, bekreftelse på avbestillinger av f.eks julebord eller annen dokumentasjon på tapt inntekt/økte kostnader.

Ordning under Covid-19-rammeverket eller under andre deler av regelverket

Kommunal- og distriktsdepartementet krev at kommunane må bruke eit særskilt regelverk for alle tilskota i denne tildelingrunda frå departementet. Verksemder som var i økonomiske vanskar per 31. desember 2019 kan ikkje tildelast støtte.

Med unntak av dette kravet har Volda kommune stor fridom til å tilpasse kva slags verksemder dei kan støtte avhengig av den lokale situasjonen.

Rapportering

Volda kommune og Kommunal- og distriktsdepartementet kan be om innsyn og kontroll med at støtta blir nytta i tråd med søknad og intensjonen i ordninga.

Les meir om kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder på heimesida til Kommunal- og distriktsdepartementet.

Søknad med nødvendige opplysningar, søknadsbrev, regnskap og vedlegg sendast inn via søknadsportalen www.regionalforvaltning.no

Kontaktpersonar: 

Navn: Martin Foldal
E-post: mf@sknh.no
Tlf: 92 22 41 65

Navn: Roar Vikene
E-post: post@voldaforum.no
Tlf: 95 30 03 97

Navn: Asbjørn Moltudal
E-post: asbjorn.moltudal@volda.kommune.no
Tlf: 97 51 52 25

Søknadsfrist 6. februar 2022



 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen