(Du er ikke pålogget) 
 

Hyllestad kommune kompensasjonsordning 2021 #6

Hyllestad kommune har fått tildelt kr 403.000 til ny kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder.

Målet med ordninga er å sette kommunen raskt i stand til å hjelpe lokale verksemder å oppretthalde arbeidsplassar og viktig kompetanse. Ordninga skal ved hjelp av direkte tilskot sikre likviditet til bedrifter råka av covid-19-pandemien.

Kven kan søkje:

  • Verksemder med tap av omsetning/ inntekt som følgje av covid-19-pandemien eller den påfølgjande økonomiske nedgangen. Eit tap kan målast i form av redusert inntening i ein periode samanlikna med tilsvarande periodar i eit normalår. Tapet må ikkje kunne dekkast av andre offentlege tilskotsordningar.
  • Verksemder med auka kostnader som følgje av eit tiltak for å unngå spreiing av covid-19, og kostnader direkte knytt til covid-19.
  • Verksemder som er gjenstand for tap av varer pga. Covid-19-pandemien.

 

Krav til søkar:

  • Verksemda må ha forretningsadresse i Hyllestad kommune
  • Verksemda må ikkje vere under konkursbehandling eller under frivillig/tvungen avvikling
  • Verksemda må opplyse om anna offentleg støtte dei tre siste åra
  • Søkjar må dokumentere kostnader og tap som følgje av smittevernstiltak eller andre relevante covid 19 forhold.

Dersom omsøkt støtte er større enn midlane kommunen har fått tildelt, vil kommunen gjere ei avkorting. Den vil bli gjort i samsvar med KMD sin rettleiar H-2496. Merk at kommunen har stor fridom til å støtte ulike delar av næringslivet avhengig av den lokale situasjonen.

Prioriterte innsatsområde:

  • Verksemder ramma av restriksjonane som vart sett i verk desember 2021
  • Verksemder med akutte likviditetsproblem
  • Oppretthalding av arbeidsplassar og halde på kompetanse i bedrifter

 

Korleis søke om støtte?

 

Ordninga er lyst ut som eit eige kommunalt næringsfond med tittel «Kommunal kompensasjonsordning Hyllestad kommune».

 

Søknadsfrist:

  • 1. februar 2022.

 

Kontaktperson:

Har du spørsmål kan du kontakte Hyllestad kommune:

Næringskoordinator Laila Johannessen, laila@emal.no, mobil 95224846.

 

 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen