(Du er ikke pålogget) 
 

Berekraftig tettstadutvikling i Møre og Romsdal i 2022

Opprett ny søknad på støtteordning

Berekraftig tettstadutvikling  

Midlar til tettstadutvikling skal bidra til å utvikle inkluderande og trygge byar- og tettstader med særpreg, som tilbyr gode bumiljø og offentlege rom, attraktive arbeidsplassar, eit variert kultur- og tenestetilbod, og miljøvennleg transport. 

 

Kven kan søke?

 Kommunane i Møre og Romsdal. Kommunane kan søke i samarbeid med andre aktørar som lag og foreningar, næringslivet m.v 

 

Søknadsfrist: 

2. mai 2022: 4 mill. kroner.  

1. oktober 2022: 2 mill. kroner.  

 

Kva kan det søkast støtte til? 

Kommunane kan få tilskott på inntil 50% av totalkostnaden til utgreiingar og planlegging, mellom anna stadanalyser, arkitektkonkurransar og detaljplanlegging av fysiske tiltak.

Til opparbeiding av fysiske tiltak kan ein få tilskot på inntil 33% av totalkostnaden.  

 

Døme på kva det kan gis støtte til: 

  •   Utarbeide kunnskapsgrunnlag som moglegheitsstudiar, stadanalysar og utgreiingar
  •  Leie inn fagleg kompetanse, eller dekke løn til ekstra prosjektmedarbeidar for å styrke utviklingskapasitet. 
  •  Fysiske investeringar i byrom som torg, gater og møteplassar i sentrumsområde
  •  Prosjektering frå ideskisse til detaljprosjekt
  •  Arrangere samlingar for kompetanseheving, erfaringsdeling, medverknad og samarbeid om tiltak. 
  •  Etablere midlertidige fysiske tiltak; for eks. midlertidige møteplassar, gjenbruk av tomme lokale. 
  •  Konstruksjonar som inngår som del av byromsmøbleringa som t.d. paviljongar, toalett, boder etc. kan inngå.   

 

Det gis ikkje tilskot til: 

  •   Ordinær planlegging som t.d. reguleringsplanar eller prosjektering av t.d. parkeringsplassar, gang/sykkelvegar eller småbåthamner.
  • Ordinær drift
  •  Bygningar
  •  Vi støttar ikkje prosjekt som allereie har starta eller er ferdig 

 

Krav til søknaden

  •  Søknad skal innehalde ei skildring av kommunen sitt utfordringsbilde, målsettingar og planer, korleis kommunen vil organisere arbeidet og kva ressursar dei ser for seg å nytte
  •  Kostnadsoverslag og finansieringsplan. Eigeninnsats kan vere ein del av finansieringa. Eigeninnsats kan førast opp med inntil 700 kroner per time.
  •  Vi gir som regel ikkje støtte for meir enn tre års prosjektperiode.
  •  Søkar må opplyse om kva offentleg støtte ein har mottatt siste tre åra. 

 

Kriterium for vurdering av søknad: 

  •  I kva grad tiltaket medverkar til å oppnå formålet med ordninga. 
  •  Om tiltaket er i tråd med overordna mål, kunnskapsgrunnlag og ledd i heilskapleg plan. 
  • Korleis arbeidet er forankra politisk og administrativt. 
  •  Grad av medverknad og involvering av næringsliv, offentlege aktørar, frivillig sektor, barn og unge. 
  • Organisering og gjennomføring av arbeidet. 
  •  Finansieringsplan. For tettstadprosjektet er det framleis eit viktig prinsipp med lokal forankring og å satse på tiltak som næringslivet ser nytta av og bidreg til. Det betyr at vi prioriterer tilskott til fysiske tiltak der næringslivet er involvert som bidragsytar. Om dette ikkje er mogleg må kommunen grunngi kvifor det ikkje let seg gjere 

Saksbehandling

  •  Søknaden blir vurdert etter offentleg støtteregelverk (EØS-avtalen)?
  •  Søknadane blir behandla etter søknadsfristen og lagt fram for politisk utval for avgjerd
  •  Ta gjerne kontakt med ein rådgivar før du begynner å fylle ut søknaden. Kontaktinformasjon finn du på www.mrfylke.no

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen