(Du er ikke pålogget) 
 

Skaparkraft - Smart teknologi

Opprett ny søknad på støtteordning

Formål:
Digitalisering er viktig for å sikre global konkurransekraft.  Bruk av smart teknologi gir bedriftene moglegheit til å fornye produksjon, produkt og tenester, auke produktiviteten, redusere kostnadane og raskare nå ut til kundar og brukarar.

Kva kan du søke tilskot til?

  •  Forprosjekt som tar i bruk smart teknologi i utvikling av nye produkt, tenester og forretningsmodellar
  • Uvikling av fysisk og digital infrastruktur for forsking og innovasjon

For infrastruktur til forsking og innovasjon meiner vi teknologi, laboratorie- og testfasilitetar til bruk i forskings- og innovasjonsprosessar. Det kan vere moglegheit for mindre investeringar til utstyr. Du kan søke på forprosjekt eller forstudie som legg til rette for framtidige større prosjekt som kan utløyse nasjonale midlar (som til dømes Grøn plattform i regi av Forskingsrådet) og/eller internasjonale midlar (som til dømes Horisont Europa)

Vi gir støtte til ein prosjektperiode på maksimalt eitt år.

Vurderingskriterium:

  • ·         Aktivitetar der smart teknologi vert brukt til utvikling av nye produkt/tenester/forretningsmodellar
  • ·         Potensiale for berekraftig eksport
  • ·         Korleis prosjektet bidreg til reduksjon i klimagassutslepp og samarbeid i regionen.
  • ·         Prosjektorganisering og gjennomføringsevne, og korleis faktisk samarbeid mellom partnerane skal gå føre seg.
  • ·         Korleis prosjektet bidrar til kompetanseheving i regionen. 

Kven kan søke?
Regionale utviklingsaktørar som til dømes konsortium mellom fleire bedrifter, klynger, innovasjonsselskap (næringshagar og inkubatorar), forskingsaktørar, næringsforeiningar og andre utviklingsaktørar i samarbeid med fleire konkrete bedrifter.

Konsortium må minimum bestå av tre partnarar, der minimum to av aktørane må vere bedrifter.

Kven kan ikkje søke?

Enkeltbedrifter og kommunar

Generelle vilkår

  •  Du kan søke om støtte til ekstraordinære utviklingskostnader, ikkje til ordinær drift. 
  • Tilskotet skal ha utløysande effekt. Det vil seie at tilskotet skal bidra til å realisere prosjekt som elles ikkje vil bli gjennomført.
  • Vi støttar ikkje aktivitetar som alt er starta eller gjennomført.
  • Søknaden skal innehalde bakgrunn for prosjektet, mål, målgruppe, forventa resultat og effekt, organisering, aktivitetar, kostnadsoverslag og finansieringsplan. 
  • Vi kan finansiere inntil 50 prosent av dei totale kostnadane i prosjektet. Eigeninnsats kan vere ein del av finansieringa. Eigeninnsats skal prisast til 1,2 promille av årsløn, men maksimalt 700 kroner per time.
  • Søkar må opplyse om ein har mottatt anna offentleg støtte dei  siste tre åra. Søknaden blir vurdert etter statstøtteregelverket.
  • Søknad og saksbehandling er offentleg og blir arkivert.

Korleis søker du?
Søk via 
Regionalforvaltning.no.  

Støtteordninga heiter "Skaparkraft – Smart teknologi” 

Søknadsfrist
Løpande behandling.

Økonomisk prosjektramme
500 000 kroner pr prosjekt,  total ramme på 4 millionar kroner.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen