(Du er ikke pålogget) 
 

MERKUR Utviklingsstøtte bokhandel 2023

Utviklingsstøtte til bokhandlar

Bokhandlar er ein viktig del av tenestetilbodet for folk i distrikta. Kommunal- og moderniseringsdepartementet har etablert ei ordning der dei aller minste butikkane kan søkje om utviklingsstøtte.

Målet med støtteordninga er å sikre innbyggjarane i distrikta tilgang til ein nærliggande bokhandlar med god kvalitet.

Merkur-programmet forvaltar støtteordninga på vegne av Kommunal- og moderniseringsdepartementet. For 2023 er det sett av til saman 40 millionar kr til investerings- og utviklingsstøtte for utkantbutikkar, bokhandlar og til investeringsstøtte for å styrkje drivstofftilgangen i distrikta. Støtte til bokhandlar er avgrensa til kr. 500.000 av den totale ramma for 2023.

Støtteordninga gjeld bokhandlar som har deltatt i Merkurs kompetanseprogram (Merkur Bok). Maksimal støtte pr. butikk er 50.000 kr. pr. år. Butikken kan få innvilga inntil 75 % utviklingsstøtte.

Det er ingen søknadsfrist for 2023, men butikkar som allereie har fått innvilga støtte, må sluttrapportere før dei søkjer på nytt. Prosjekta det blir søkt om støtte til, kan ikkje vere gjennomførte før søknaden er behandla.

Forskriften for støtteordningane i Merkur kan lastast ned her.

For å opprette ein søknad, gå inn på her:  https://regionalforvaltning.no/Startside/Velkommen.aspx.  Registrer deg som ny søkjar i feltet til venstre,  eller logg inn dersom du er registrert som søkjar frå før.

For meir informasjon: Merkur-programmet 

Kontaktperson: 
Sissel Karin Hals 
Tlf 994 57 387  
Epost

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen