(Du er ikke pålogget) 
 

Alver kommune, Kommunalt kompensasjonsfond 2023 - Lokal kompensasjonsordning

Alver kommune gjennomfører ein lokal utlysningsrunde av kompensasjonsmidlar på kroner 200.000,- for verksemder som er ramma av smitteverntiltak grunna Covid 19 pandemien.

Føremålet med tilskotet er å avhjelpe verksemder som framleis har utfordringar etter pandemien og som kan dokumentere omsetnadssvikt eller ekstra kostnader som følgje av smitteverntiltak.

Utgangspunktet for denne vurderinga er rekneskapstal for 2021 og 2022. Kriteria for den siste runden i den nasjonale ordninga vil vere grunnlag for denne lokale ordninga.

 

Kven som kan søkje og kva for krav som vert stilt til søknad: 

  • Kompensasjonsordninga gjeld for bransjane servering, overnatting, sport og fritid, reisebyrå og - arrangør, kunst og underhaldning og kongress-, messe- og utstillingsverksemd. 
  • Verksemder som har falt heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane, som til dømes nystarta verksemder, vil bli særskilt vurdert. 
  • Søkjar må beskrive utfordringar verksemda framleis har og dokumentere omsetnadssvikt eller ekstra kostnader som følgje av smitteverntiltak grunna Covid 19 pandemien. 
  • Rekneskap for 2021 og 2022.
  • For å få stønad kan ikkje verksemda vere under konkurshandsaming eller avvikling.
  • Stønad blir gjeve etter reglar for bagatellmessig stønad. Søkjarar må dokumentere eventuell anna offentleg støtte i løpet av åra 2020, 2021 og 2022. 

Nivået på stønaden heng saman med antal søkjarar. Om det er mange søknadar innafor kriteria, kan det bli ein sjablongmessig reduksjon av kompensasjonsbeløp.

 

Søknadsfrist: 20. desember 2023.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen