(Du er ikke pålogget) 
 

Auka samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og arbeidslivet

Opprett ny søknad på støtteordning

Om ordninga

Ordninga skal legge til rette for meir samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og arbeidslivet. Målet er å skape betre og meir arbeidsrelevant utdanning i fylket og gjere elevar og studentar betre kjent med arbeidslivet i regionen.

Universitet, høgskolar, fagskolar og vidaregåande skolar kan søke støtte frå ordninga.  Fylkeskommunen kan finansiere inntil 50 prosent av dei totale kostnadane i prosjektet, og maksimal støtte per prosjekt er 200 000 kroner.

Kva kan du søke støtte til

Søknaden må omhandle eitt eller fleire desse områda

  • bruk av arbeidslivet inn i undervisning og opplæring
  • meir praktisk opplæring
  • samarbeid om oppgåver mellom arbeidslivet og studentar og elevar

Særskilt for vidaregåande skolar:

  • Prosjekt skal omfatte opplæring i vg1 og vg2 på yrkesfag eller vg1, vg2 og vg3 på studieførebuande utdanningsprogram.
  • Prosjekt knytt til YFF (Yrkesfagleg fordjuping) ligg utanfor ordninga.
  • Der ein skole søker fleire prosjekt skal skolen prioritere prosjekta i ei vedlagt liste.

Vi legg desse spørsmåla til grunn når vi vurderer søknaden

  • Svarer søknaden ut målet til ordninga?
  • Tilfører prosjektet meir praktisk opplæring og arbeidslivsrelevans for elevar/studentar?
  • Er aktivitetar, framdriftsplan og kostnads- og finansieringsplan godt beskrive i søknaden?
  • Er det sannsynleg at planane for gjennomføring blir følgde?

Døme på kostnader som ein kan få støtte til  

  • Kostnadar knytte til utvikling av opplæringstiltak (til dømes møtekostnadar, planlegging av tiltak).
  • Kostnadar knytte til gjennomføring av tiltak (til dømes leie av fagpersonar frå arbeidslivet inn i undervisning, mindre kostnadar til fysisk utstyr, programvare og likande).

Generelle vilkår

  • Du kan søke om støtte til kostnader knytt til planlegging og gjennomføring av aktivitet i prosjektet, ikkje til ordinær drift.
  • Tilskotet skal ha utløysande effekt. Det vil seie at tilskotet skal bidra til å realisere prosjekt som elles ikkje vil bli gjennomført.
  • Vi støttar ikkje aktivitetar som alt er starta eller gjennomført.
  • Søknaden skal innehalde bakgrunn for prosjektet, mål, målgruppe, forventa resultat og effekt, organisering, aktivitetar, kostnads- og finansieringsplan og korleis ein skal kommunisere resultat av prosjektet.
  • Vi kan finansiere inntil 50 prosent av dei totale kostnadane i prosjektet. Eigeninnsats kan vere ein del av finansieringa. Eigeninnsats skal prisast til 1,2 promille av årsløn, men maksimalt 700 kroner per time.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen