(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal næringsfond - regional utvikling 2021 - Seljord kommune

Tilskot til næringslivet – Seljord kommune    

Kommunalt næringsfond – regionale utviklingsmidlar (KNF-RU) Covid-19  2020/21

Seljord kommune er tildelt 1,3 mill. kr som kommunalt næringsfond for utdeling til næringslivet i Seljord.

Koronautbrotet har gitt store utfordringar for næringslivet. Seljord kommune lyser med dette ut midlar til verksemder som har vorte negativt påverka av koronavirusutbrotet.

Denne støtteordninga er ein del av kommunal- og krisepakken til Næringsdepartementet fase 3, for 2020.

Tilskotsordninga skal setja verksemder i stand til å legga til rette for auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensiale.

Målgruppa for støtteordninga er bedrifter og næringsaktørar.

Formannskapet fastsette følgjande kriterium for kommunalt næringsfond/regionale utviklingsmidlar:

  1. Lokale verksemder som har store inntektstap, med særskilt fokus på verksemder som risikerer å måtte seie opp tilsette og kanskje avvikle verksemda grunna tapte inntekter.
  2. Verksemder som ikkje får god nok støtte frå andre ordningar.
  3. Lokale verksemder som kan starta opp utviklingsprosjekt som kan gje auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping i Seljord.

Kommunen vil også prioritere og vurdere søknader ut frå korleis dei bidreg til:

•  Utviklinga i sysselsetjing

  •  Utvikling i verdiskaping og økonomisk aktivitet

Tilskotet frå denne støtteordninga er å sjå på som offentleg støtte og vil bli gjeve i tråd med regelverket for denne. Søkjar må av den grunnen oppgje nødvendig informasjon for å vere kvalifisert innanfor dette regelverket. All nødvendig informasjon knytt til dette, kan svarast ut i søknadsskjema eller i vedlegg til søknaden.

 

Søknader må kunna gje svar på:

  1. I kor stor grad tiltaket fremmar auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensiale
  2. I kor stor grad bedriftsretta tiltak, tilskot til etablerarar og andre næringsretta tiltak blir antatt å motverke negative verknader av covid-19-utbrotet
  3. Kor raskt tiltaket kan setjast i gang.

 

Søknadsfrist er 31. mars 2021

Søknader skal leverast i www.regionalforvaltning.no.

Kontaktperson for ordninga:  Næringssjef  Asbjørn Storrusten, as@seljord.kommune.no, tlf 91796 785

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen