(Du er ikke pålogget) 
 

Regionale utviklingsmidlar for Møre og Romsdal

Regionale utviklingsmidlar for Møre og Romsdal

Dei regionale utviklingsmidlane skal bidra til å gjere næringsliv, lokalsamfunn og regionar meir omstillingsdyktige. Pengane skal brukast på gode utviklingsprosjekt i Møre og Romsdal.

Kven kan søke?

  • Kommunar, FoU-institusjonar, innovasjonsmiljø og næringsforeiningar
  • Privatpersonar og enkeltbedrifter kan ikkje søke. Bedrifter kan ta kontakt med Innovasjon Norge. Gründerar kan ta kontakt med hoppid.no-kontoret i kommunen.

Kva kan det søkast støtte til?

  • Tettstadutvikling 
  • Næringsklyngeutvikling
  • Reiselivsutvikling
  • Omstilling og nyskaping i lokalt næringsliv

Eksempel: prosjekt som bidreg til betre planlegging, mobilisering, samarbeid eller gjennomføring av utviklingstiltak i kommunane, eller prosjekt som bidreg til samarbeid mellom bedrifter og næringsmiljø eller mellom næringsmiljø og utdanningsmiljø. Vi støttar ikkje ordinære driftskostnadar eller innkjøp av utstyr.

Kriterium og krav til søknaden

  • Tilskotet skal ha utløysande effekt. Det vil seie at tilskotet skal bidra til å realisere prosjekt som elles ikkje vil bli gjennomført.
  • Vi støttar ikkje prosjekt som allereie har starta
  • Søknaden skal innehalde bakgrunn for prosjektet, mål, målgruppe, forventa resultat og effekt, organisering, aktivitetar, kostnadsoverslag og finansieringsplan.
  • Vi kan finansiere inntil 50 prosent av dei totale kostnadane i prosjektet. Eigeninnsats kan vere ein del av finansieringa. Eigeninnsats kan førast opp med inntil 700 kroner per time.
  • Vi gir som regel ikkje støtte for meir enn tre års prosjektperiode.
  • Søkar måopplyse om kva offentleg støtte ein har mottatt siste tre åra.

    Saksbehandling

  • Søknaden blir vurdert etter offentleg støtteregelverk (EØS-avtalen) 
  • Søknadane blir behandla fortløpande. Saksbehandlingstida kan vere inntil tre månader.

Ta gjerne kontakt med ein rådgivar før du begynner å fylle ut søknaden. Kontaktinformasjon finn du på mrfylke.no.

Treng du hjelp til å fylle ut søknaden? Ta kontakt med Kim Tornes, tlf. 71 28 03 45 /  kim.tornes@mrfylke.no

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen