(Du er ikke pålogget) 
 

Verdiskapande og berekraftig landbruk i Møre og Romsdal

Opprett ny søknad på støtteordning

Verdiskapande og berekraftig landbruk

Formål: Kva samfunnsutfordring skal ordninga bidra til å løyse? Kva mål i fylkesplanen skal ordninga bidra til å nå?

Ordninga skal bidra til å nå målet i fylkesstrategi for landbruk: Eit verdiskapande og mangfaldig landbruk i heile Møre og Romsdal, basert på berekraftig bruk av lokale ressursar

 

Målgruppe: Kven kan søkje?

Kommunar, organisasjonar, nettverk av bedrifter, forskingsinstitusjonar

Vilkår: Kva kan det søkjast om støtte til?

Tilretteleggande tiltak som bidrar til å nå eitt eller fleire av mål i Fylkesstrategi for landbruk:

1.      Auke verdiskapinga frå landbruket i Møre og Romsdal

2.      Behalde landbruket sine produksjonsareal gjennom berekraftig bruk og forvaltning

3.      Auke verdiskapinga frå foredling av landbruksråvarer frå Møre og Romsdal

4.      Auke kompetansenivået og innovasjonstakta i landbruksnæring og forvaltning

5.      Landbruket skal redusere sine miljø- og klimautslepp og ta vare på miljøverdiar i landskap og jordsmonn

6.      Fleire og betre forretningsidear med gardsbruket som utgangspunkt og nye marknader som mål

 

Avgrensing: Kva kan det ikkje søkast om støtte til?

Investeringar i bygningar og teknisk utstyr

 

Maks tilskotsprosent og/eller tilskotsbeløp per prosjekt

Normalt inntil 50 prosent støtte, i særskilde tilfelle inntil 75 prosent av totalkostnad

 

Evalueringskriteria: Kva vert lagt vekt på ved vurdering av søknaden?

Relevans i forhold til Fylkesstrategi for landbruk

Gjennomføringsevne

Metodikk

Økonomisk ramme sett av til ordninga i 2023

Til saman om lag 6 mill. kroner

Finansieringskjelde

Tilskot til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket og til rekruttering og kompetanseheving i landbruket (Landbruks- og matdepartementet) og Økonomiplan, ramme 60

Reglar for ordninga Tilskotsordninga er regulert i «Forskrift om regionale tilskudd til næringsutvikling, rekruttering, og kompetanseheving i landbruket»: https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2019-12-20-2082

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen