(Du er ikke pålogget) 
 

hoppid-fond

Ønskjer du å starte eige firma eller bedrift og har ein god idè, kan du søkje om støtte frå kommunen sine næringsfond. Er det større kostnader ved etablering eller investeringar (over 300.000 kr) skal slike søknader gå til Innovasjon Norge.

Hoppid-fondet er for etablerarar med forretningsidear i ein tidleg fase. Tilskotet skal nyttast til aktivitetar som kan avklare problemstillingar kring organisering, marknadspotensiale, lønsemd og andre spørsmål som kan avgjere vidare framdrift for bedriftsetableringa. Fondet kan ikkje nyttast til  bl.a. ordinær drift, direkte investeringsstøtte, eigenkapital, renter/ avdrag og refinansiering, kausjon og garantiar eller ordinære kommunale utviklingsoppgåver.

Maksimal støtte er kr 30.000 pr. forretningsidè.

For å søkje må du ha ein forretningsplan og budsjett som gjev ei oversikt over kva du vil lage/ tilby, inntektsgrunnlag, kostnader og finansiering.

Søknader vert behandla fortløpande. Firma, personar og kommune kan søkje dei einskilde næringsfonda om støtte til tiltak. Vedtak om tildeling av midlar vert gjort politisk av Giske næringsutval (formannskapet), etter innstilling frå rådmannen ved næringssjef.
Det fylkeskommunale næringsfondet vert regulert ved tildeling frå Møre og Romsdal fylkeskommune kvar vår.

Søknad til fondet vert sendt til Giske kommune, rådhuset, 6050 Valderøya.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen