(Du er ikke pålogget) 
 

Nærings- og utviklingsfond for utsette område 2023

 

Vestland fylkeskommune lyser ut midlar frå nærings- og utviklingsfond for utsette område. Ramma for denne utlysinga er på inntil 4 millionar kroner.

Midlane frå fondet skal vere med på å legge til rette for omstilling og utvikling i kommunar og område med utfordringar som har, eller kan føre til langvarige konsekvensar for næringsliv, busetjing og sysselsetjing.

Tiltaka det blir søkt om må støtte opp under intensjonen med ordninga som er å styrke næringsgrunnlaget. Midlar frå fondet skal bidra til å etablere nye arbeidsplassar i kommunar som opplever vesentleg reduksjon i sysselsetjinga.

Område som har stor arbeidsløyse eller utsikter til stor arbeidsløyse, einsidig næringsliv og der enkeltnæringar har stor betydning for sysselsetjinga vil bli prioritert, saman med område med stor folketalsnedgang.

Regionråd, kommunar, verksemder og andre kan søke om støtte frå fondet saman med andre i målgruppa, åleine eller i samarbeid med fylkeskommunen. Næringsselskap som arbeider på oppdrag frå ein eller fleire kommunar kan søkje på vegne av aktørar i målgruppa. 

Det blir ikkje gitt direkte bedriftsretta støtte. Det vil seie at det ikkje blir gitt støtte som berre kjem til nytte for ei enkeltbedrift eller eit mindre og avgrensa tal bedrifter. I det ligg det at det ikkje blir gjeve støtte verken til å etablere, drive, gjere investeringar i, eller utvikle ei bedrift. Føretak kan unnataksvis søkje dersom tiltaket er eit fellestiltak knytt til næringsutvikling.

Søknadane vert vurdert opp mot gjeldande regelverk, og tilskot må mellom anna tildelast i tråd med regelverket om offentleg støtte. Tilskot som vert vurdert som offentleg støtte jamfør EØS-avtalen blir i hovudsak tildelt som bagatellstøtte. 

Sjå meir informasjon og tildelingskriterier her.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen