(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond for Sogndal kommune 2021

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har løyvd nye midlar til kommunale næringsfond som tiltak mot koronakrisa. Sogndal kommune fekk tildelt kr. 2.743.000 i denne runden. Målgruppa for midlane er bedrifter, etablerarar og andre næringsaktørar. Næringsaktør betyr i denne samanheng aktørar som legg til rette for og/eller gir støtte til næringsutvikling.

Formannskapet i Sogndal kommune vedtok i møte 28. april å lyse ut midlane. Søknadsfrist er sett til 15. mai. Det vart og vedteke retningslinjer for fondet

Det kan søkast om midlar til bedriftsutvikling og investeringar. For tilskot til bedriftsutvikling kan samla støtte frå næringsfondet som hovudregel ikkje overstige 50% av kapitalbehovet. Det er ikkje beløpsgrense for bedriftsutviklingstilskot. For tilskot til investeringar kan samla støtte frå næringsfondet maksimalt utgjere 30% av kapitalbehovet. Maksimalt tilskot til investeringar er kr. 100.000,- per prosjekt.

I vurderinga av søknadane vert det særskilt lagt vekt på:

- i kor stor grad tiltaket fremjar auka aktivitet, sysselsetjing og verdiskaping basert på lokale utfordringar, behov og potensial
- i kor stor grad ein reknar med at tiltaket vil kunne motverke dei negative verknadane av covid-19-utbrotet
- kor raskt tiltaket kan setjast i gang.

Informasjon om dette må framkome i søknadane.

Vi anbefaler at alle søkarar set seg godt inn i retningslinjene. Ta gjerne kontakt med oss i Sogn Næring på post@sognnaring.no om du har spørsmål eller ynskjer bistand i søknadsprosessen.

Meir informasjon finn du på Sogn Næring sine nettsider. 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen