(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond

Næringsfondet er ei støtteordning som skal nyttast til å styrke nyetableringar, innovasjon og næringsutvikling i Haram kommune. Fondet kan også nyttast til vidareutvikling av eksisterande verksemder.

 

Prosjekt som fremjar entreprenørskap hos unge, kvinner og innvandrarar vert oppfordra til å søkje næringsfondet.  Etableringar som er nyskapande og som gir moglegheit for mange nye arbeidsplassar vert spesielt prioritert.

 

 

Kven kan søkje næringsfondet?

Næringsfondet kan nyttast både til bedriftsretta tiltak (direkte støtte til bedrifter) og til generelle tilretteleggande tiltak i regi av kommunen og organisasjonar i lokalsamfunnet. Mål og prioriteringar i næringsplan til Haram kommune vil bli lagt til grunn for vurderingane av kven som får støtte.

Kva kan du søkje om?

Tilretteleggande tiltak: Må vere eit tidsavgrensa tiltak. Næringsfondet kan gi støtte på inntil 50 % av totalt kapitalbehov.

 Bedriftsretta støtte: Berre prosjekt med totalt kapitalbehov under kr 300.000 kan få støtte frå næringsfondet basert på følgjande retningslinjer:

 

  • Støtte skal ikkje utgjere meir enn halvparten av dei kostnadane som er rekna inn i støttegrunnlaget (det totale kapitalbehovet som ligg til grunn for etableringa). Bedriftsretta prosjekt der kapitalbehovet er større, skal oversendast til Innovasjon Norge
  • Det kan ikkje løyvast støtte til ordinær drift
  • Bedriftsretta støtte skal ikkje vere konkurransevridande lokalt
  • Støtta skal ha ein utløysande effekt på tiltaket som vert støtta
  • Støtte gis primært som tilskot
  • Investeringar som vert gjort før søknad om støtte frå næringsfondet er handsama skjer på eigen risiko for søkjaren
  • For å få støtte må investeringar/prosjekt som det vert søkt støtte til gjennomførast innan 12 månader etter at tilsegn om støtte er gitt. Søkar kan søkje om utsetting.
  • Utbetaling av tilsegn gitt frå næringsfondet skjer i etterkant når kostnaden kan dokumenterast i samsvar med søknad og tilsegn
  • Næringsfondet kan ikkje nyttast til teikning av aksjar, betaling av renter/avdrag eller garantiar for bedrifter 
  • Det kan ikkje gis støtte til fysiske infrastrukturtiltak i kommunen
  • Støtte frå næringsfondet må haldast saman med annan offentleg støtte, slik at samla støtte er innanfor gjeldande retningslinjer
  • Det kan ikkje gis støtte som er i strid med internasjonale avtalar der Noreg er part. Det kan derfor ikkje gis støtte til primær stålproduksjon, til transport eller til direkte eksportkostnadar, inkludert etablering og drift av distribusjonsnettverk
  • Elles vert til ein kvar tid gjeldande retningslinjer frå Møre og Romsdal fylkeskommune og frå Kommunal- og regionaldepartementet (kapittel 551, post 60 Næringsretta midlar til regional utvikling) lagt til grunn i vurderinga

 

Døme på kva bedrifter kan søkje støtte til:

  • Nyetablering/bedriftsutvikling
  •  Investeringar i maskiner og utstyr
  • Produktutvikling
  • Marknadsføring
  • Kompetanseheving i bedrifta

 

 

 Korleis søkje næringsfondet?

 For tildeling gjeld følgande datoar                               31. januar

                                                                                              30. april

                                                                                              31. august

                                                                                              30. november

 

Tilretteleggande tiltak

Søkjar må levere skriftleg søknad med ein god prosjektomtale og realistisk budsjett. Søknaden registrerast på www.regionalforvaltning.no

 
Bedriftsretta tiltak – nyetablering

  •  Søkjar må levere skriftleg søknad med vedlagt forretningsplan på www.regionalforvaltning.no

 

Bedriftsretta tiltak – vidareutvikling av eksisterande verksemd

For støtte til vidareutvikling av eksisterande verksemd gjeld i utgangspunktet same retningslinjer som for støtte til nyetablering, men sakshandsamar kan vise skjøn i høve til kva som er naudsynt prosedyre og bakgrunnsinformasjon for ein søknad frå ei eksisterande verksemd.

 

Ta kontakt med næringsrådgjevar Inger Synnøve Remme,  inger.synnove.remme@haram.kommune.no eller tlf.: 99 42 41 39.

 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen