(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning Bjørnafjorden kommune - desember 2021 #4

Kommunal kompensasjonsordning til bedrifter i Bjørnafjorden kommune 

Kommunal- og Moderniseringsdepartementet (KMD) fylgjer opp budsjettvedtaket frå Stortinget 18. juni 2021, Innst. 600 S (2020-2021), og tildeler midlar frå den gjenverende ramma, over kap. 553, post 68 (ny) kommunal kompensasjonsordning for lokale verksemder. 

I tråd med Innst. 600 S (2020-2021) har regjeringa bestemt å gjennomføre ein fjerde tilskotsrunde retta mot kommunar med næringsliv som fortsett er hardt råka av pandemien.   

Fordelinga er derfor særleg innretta mot kommunar som har reiseliv retta mot turistar utanfor EØS-området og mot kommunar med mest flytrafikk mot utlandet. Bjørnafjorden kommune er tildelt 5.000.000 kronar.  

Bedrifter innan reiseliv som er avhengig av turisme frå land utanfor EØS-området er kvalifisert til å søkje. Dette gjeld særleg bedrifter innan overnatting og transport.  

 

Kriteria:  

Utmålinga vil bli gjort etter skjønnmessig vurdering og det kan ikkje forventast å få dekka alle tap/utgifter bedrifta har hatt. 

Bjørnafjorden kommune atterhald seg retten til å kontrollere de oppgitte opplysningane mot godkjent rekneskap i ettertid, og kan krevje utbetalt tilskot tilbakebetalt om det er gitt på feilaktig grunnlag. 

Tilskot skal bidra til å oppretthalde arbeidsplassar og viktig kompetanse i verksemder som er avhengig av turisme frå land utanfor EØS-området, og som difor framleis er råka av pandemien. 

Verksemder som var i vanskar per 31/9/19, ref. gruppeunntaksforordninga sin artikkel 2, paragraf 18, kan ikkje gjevast støtte. Søkjerbedrifta kan ikkje være insolvent, under konkursbehandling eller under avvikling 

 

Støttevilkår:  

Støtta vert gjeven i samsvar med regelverket for offentleg støtte. Søkar pliktar å sette seg inn i dette regelverket. Nærings- og fiskeridepartementet har laga ein rettleiar i offentleg støtte som kan finnast her: veileder_offentlig-stotte.pdf (regjeringen.no) 

Tilskotta i denne runda vert gjevne i samsvar med den nasjonale paraplyordninga, notifisert av nærings- og fiskeridepartementet og godkjent i ESA den 16. april 2021. Søkar må opplyse om eventuelle konsernrelasjonar for søkarbedrifta. 

 

Søknad 

Søknadsskjema vert lagt ut på Regionalforvaltning.no.  

Føljande skal leggast ved søknad: 

  • Kort grunngjeving for søknaden 

  • Regnskapsoversikt over dei seks første månadane i 2019 og 2021. 

  • Talet på årsverk i bedrifta.  

 

Søknadsfrist er 15desember.  

 

Kontakt:  

Jon Sivert Rykkel, næringssjef 

T: 47 05 52 08 

 

Andris Hamre, kontorsjef 

T: 479 06?111 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen