(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning 2021 Ulstein kommune

KMD har gjennom prop 79 S (2020 -2021) gitt eit nytt tilskot på kap 553, post 68 – ny kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder. Hensikta med tilskotet er å sette kommunane betre i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særs hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Kven kan søke om støtte

  • Verksemda må ha tilsette i Ulstein kommune
  • Arbeidsstad som er grunnlag for søknaden må vere i Ulstein kommune
  • Verksemda må vere registrert i Brønnøysund som reiselivsaktør, serveringsstad eller verft.

Vurdering
Søknaden vil bli vurdert fortløpande fetter følgande kriterier:

  • Verksemda må ha tilsette i Ulstein kommune
  • Arbeidsstad som er grunnlag for søknaden må vere i Ulstein kommune
  • Verksemda må vere registrert i Brønnøysund som reiselivsaktør, serveringsstad eller verft.
  • Ein verksemd kan få 10.000 kroner per årsverk, men maksimalt opp til kroner 200.000
  • Verksemda må dokumentere talet på årsverk ved 1.2.2021 ved attest frå revisor eller autorisert rekneskapsførar.

Kompensasjonsordning skal gis i samsvar med regelverket for bagatellmessig støtte. Søkar må oppgi kva anna offentleg støtte føretaket har mottatt i løpet av 2019-2021. Føretak kan få inntil 200 000 euro over tre år i bagatellmessig støtte.

 

Korleis søke støtte
Søknad gjerast elektronisk gjennom www.regionalforvaltning.no. Det må leggast ved dokumentasjon på talet på årsverk og om dei har mottatt bagatellmessig støtte i perioden 2019-2021. Administrasjonen vil handsame søknadane fortløpande.

Søknadsfrist
Ingen. Handsamast fortløpande til midlane i kompensasjonsordninga er tomt. Forventa saksbehandlingstid er opptil 4 veker.

Offentlegheit
Opplysningar som gis i søknaden, vil i utgangspunktet være offentlege etter offentligheitsloven.

Rapportering
Det vil ikkje vere krav til rapportering utover dei krava nemnd under Korleis søke støtte. Dersom det har vorte gitt uriktige opplysningar, kan utbetalt tilskot bli kravd helt eller delvis tilbakebetalt.

Utbetaling
Midlar blir utbetalt når søknad er godkjent og aksept av tilsegn er gjort.

Annan informasjon
Ordninga følgjer reglar i forskrift om distrikts- og regionalpolitiske virkemiddel om utlysing, saksbehandling, klage, kontroll m.m.

Kontaktpersonar
Kommunalsjef Monica Cecilie Torp
Epost: monica.cecilie.torp@ulstein.kommune.no
Telefon: 907 43 207

Seniorrådgivar Robert Voldnes
Epost: Robert.voldnes@aakp.no
Telefon: 906 58 517

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen