(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunal kompensasjonsordning Askvoll kommune

Kommunal kompensasjonsordning Askvoll kommune

Askvoll kommune har fått tildelt kr. 525 569,- til kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder.

Ordninga skal hjelpe lokalt næringsliv som er særleg hardt råka av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Ordninga skal og hjelpe dei verksemdene som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.

Kven kan søkje?
Kompensasjonsordninga skal gjelde for alle verksemder i Askvoll kommune som er råka av strenge smitteverntiltak. Dette gjeld særleg: 

  • støtte som kompenserer lokale bedrifter sine kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging
  • støtte til verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringane
  • støtte til andre verksemder som av ulike grunner fell utanfor generelle kompensasjonsordningar
  • det kan også gjevast støtte til destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet, samt autoriserte besøkssentre for natur og verdsarv, som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt i 2021

Kommunane har stor fridom til å tilpasse kva slags verksemd dei kan støtte avhengig av den lokale situasjonen.

Krav til søkarar:

  1. Verksemda må ha forretningsadresse i Askvoll kommune
  2. Verksemda må ikkje vere under konkursbehandling eller under frivillig/tvungen avvikling
  3. Opplyse om kva anna offentleg støtte føretaket har teke imot dei tre siste åra
  4. Søknaden må dokumentere tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging. Grunngjeving for kvifor verksemda har falle heilt eller delvis utanfor den generelle kompensasjonsordninga
  5. Tilskot må vere i samsvar med regelverket for offentleg støtte

Søknadane vert handsama av Askvoll kommune sitt styre for næringsfondssaker.

Korleis søke om støtte?
Søknad sendast elektronisk gjennom  www.regionalforvaltning.no. Ordninga er lyst ut som eit eige kommunalt næringsfond med tittel «Kommunal kompensasjonsordning Askvoll kommune».

Søknadsfrist
14. mai 2021

Kontaktperson
For spørsmål eller hjelp til søknadsprosessen, ta kontakt med næringsrådgjevar Arve Åsnes, arve.asnes@askvoll.kommune.no,
mobil 41 55 32 75

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen