(Du er ikke pålogget) 
 

Ulvik herad - Kommunal kompensasjonsordning til lokale virksomheter del 2

Opprett ny søknad på støtteordning

Ulvik herad har fått tildelt kr 363 000 som kommunal kompensasjonsordning til lokale verksemder.
Målet med ordninga er å setje kommunen raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale verksemder som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Ordninga skal og hjelpa dei verksemdene som heilt eller delvis har falle utanfor dei generelle kompensasjonsordningane. Kommunen skal bruke midlane på tiltak for lokale verksemder som er råka av strenge smitteverntiltak. Dette gjelder særleg

  • Støtte som kompenserer lokale verksemder sine kostnadar eller tap som følge av smitteverntiltak og nedstenging,
  • Støtte til verksemder innanfor reiselivs-, arrangements- og serveringsnæringar, og andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar.
  • Det kan også gjevast støtte til destinasjonsselskap og andre fellestiltak for reiselivet, samt autoriserte besøkssentre for natur og verdensarv, som på grunn av pandemien har stor omsetningssvikt i 2021.

Kommunane har stor fridom til å tilpasse kva slags verksemd dei kan støtte avhengig av den lokale situasjonen. Dei som ikkje har fått nasjonal støtte eller lokal støtte tidlegare, vil bli prioritert.

Målgruppa er lokale  små- og mellomstore verksemder med forretningsadresse i Ulvik

Søknaden må dokumentere tap som følgje av smitterverntiltak og nedstenging.

 

Vurdering av søknadar
Formannskapet i Ulvik herad handsamar dei innkomne søknadene etter innstilling frå administrasjonen den 02.06.2021

 

For ytterlegare informasjon, sjå:  https://www.regjeringen.no/contentassets/adb571dd3e90470b973e00cbc3de536a/tilskuddsbrev-kommunal-kompensasjonsordning-april-2021.pdf

Korleis søke om støtte?

Søknad sendast elektronisk gjennom www.regionalforvaltning.no 

Søknadsfrist
19.05.2021

Anna informasjon

  • Opplysningar som vert gjeve i søknaden vil i utgangspunktet være offentlege etter offentleglova.
  • Ordninga følgjer reglar i forskrift om distrikts- og regionalpolitiske virkemiddel om utlysing, saksbehandling, klage, kontroll m.m.

Kontaktperson
For spørsmål og hjelp i søknadsprosessen, ta kontakt med nærings- og reiselivssjef Mona H.Hellsnes på tlf. 40007196 eller sakshandsamar Anne-Marit Lekve på tlf. 40007160

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen