(Du er ikke pålogget) 
 

Kinn kommune støtte til særleg hardt ramma bedrifter i høve smitteverntiltak del 3

Opprett ny søknad på støtteordning

Bakgrunn

Kinn kommune har mottatt kr 2.097.000,- som del av Stortingets økonomiske tiltak i møte med koronapandemien, og dei lokale verksemdene inviterast til å søkje på midlane. Dette er DEL 3 av same kompensasjonsordning der DEL 1 hadde søknadsfrist 1. mai og DEL 2 hadde søknadsfrist 15. juni. Føringane for kva verksemder som prioriterast og størrelse på dei einskilde tilskota er like for DEL 1 og DEL 2, der service- og serveringsnæringane har vorte prioriterte. I DEL 3 ynskjer Kinn kommune og invitere spesielt reiselivsnæringa til å søkje. Dette fordi ein ser at reiselivsnæringa må omstille seg og får høge kostnader for å imøtekomme ein endra reiselivsmarknad grunna pandemien. Kinn kommune ynskjer å nytte kompensasjonsmidlane DEL 3 til å sikre at reiselivsnæringa som har vorte råka av nedstigning og/eller endring av marknaden, får støtte til å starte denne omstillinga.

Mål

Målet med tilskotet er å sette kommunane raskt i stand til å avhjelpe situasjonen for lokale virksomheter som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak. Ordninga skal også fungere som ei kommunal ventilordning for å kompensere lokale virksomheter som har falt heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane. Dette gjelder særleg støtte som kompenserer lokale virksomheters kostnader eller tap som følge av smitteverntiltak og nedstenging. Søknadsprosessen er enkel, og tilskotet er tillitsbasert. Som mottakar av tilskotet svarer du berre til ein eventuell revisjon frå myndigheitene i høve reglar for bagatellmessig støtte. Unytta midlar skal tilbakebetalast, tildelte midlar kan ikkje omdisponerast.

Kven kan søkje?

Kommunane har friheit til å tilpasse kva slags virksomheter dei kan støtte avhengig av den lokale situasjonen. I denne tildelingsrunden har Kinn kommune beslutta å prioritere tilskot til reiselivsnæringa som har hatt tap, auka kostnader relatert til korona-pandemien.
Følgande virksomheter kan søkje:

  • Virksomheter innenfor Kinn kommune si grense og med forretningsadresse i kommunen kan motta støtte.
  • Virksomheter kan berre motta tilskot for den økonomiske aktiviteten som finn stad innanfor Kinn kommune sine grenser. Virksomheter med aktivitet i fleire kommunar må kunne syne til at det er ført separate rekneskap for virksomheten i Kinn. Unntaket er destinasjonsselskap eller turistkontor som fremmer turisme i deira respektive områder.
  • Lokale virksomheter som er rammet av strenge smitteverntiltak og som har falt helt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane. Dette gjeld særleg støtte som kompenserer for kostnader eller tap som følge av smitteverntiltak og nedstigning.
    En virksomhet kan ha tap sjølv om den går med overskot. Eit tap kan målast i form av redusert inntening i ein periode samanlikna med tilsvarande periodar i normalår. En vanlig måte å berekne tap på, er å samanlikne omsetningstal frå ein månad eller periode i 2019 med tilsvarande månad eller periode i 2020 (etter at pandemien braut ut) eller 2021.

Tilskotet vert gjeve i samsvar med EØS-reglane om «bagatellmessig stønad». Desse reglane føresett at et over ein treårs periode i sum ikkje er motteke over 200.000 euro (ca NOK 2.000.000,-) i offentleg stønad. Jfr. Rettningslinjer for distrikts- og regionalpolitiske virkemidlar.

Søknadsfrist

Søknadsfrist for å søkje kompensasjonsordninga DEL 3 er sett til 01. oktober 2021.

Alle søknader skal registrerast via regionalforvalting.no

For spørsmål

Aksello AS er Kinn kommune si førstelinjeteneste innan næringsutvikling og er sett til å forvalte dei kommunale næringsfonda og kompensasjonsmidlane på vegne av kommunen.

Ta kontakt med Aksello om du har spørsmål til søknadsprosessen eller kompensasjonsordninga generelt.

Kontaktperson i Aksello er Lone Bareksten, epost lone@aksello.no, tlf 47262635

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen