(Du er ikke pålogget) 
 

Vågå kommune - Kommunal kompensasjonsordning - Del 3

Vågå kommune -  Kommunal kompensasjonsordning for lokalt næringsliv rammet av covid-19 situasjonen -  runde 3

 

Kommunane har fått tilført nye midlar frå KMD til den kommunale kompensasjonsordninga, og Vågå kommune har fått kr 761 000 ,- til fordeling.

 

Søknadsfrist er sett til 26.09.2021 kl 23:59. Ta kontakt med næringskoordinator i Vågå kommune for å få rådgjeving før du sender inn ein søknad.

 

Bedriftene kan søkje kompensasjon for tap og meirkostnader som har oppstått som følje av Covid19 og som ikkje dekkes av andre offentlege kompensasjonsordningar.

 

Kven kan søkje midlar?

Kommunane skal bruke midlane på lokale verksemder som er ramma av strenge smitteverntiltak. Dette gjelder særleg støtte som kompenserer lokale verksemders tap eller kostnad som følje av smitteverntiltak og nedstenging.

Kommunane har fått betydeleg friheit til å tilpasse kva slags verksemder dei kan støtte avhengig av den lokale situasjonen.

Verksemdene må ha forretningsadresse i Vågå kommune.

 

Kriteria

Støtta vil bli berekna skjønnsmessig ut frå søknadsgrunnlaget, dokumentasjon, mengde søknader og tilgjengelege midlar.

Verksemder som søkte i førre utlysningsrunde kan også søke. Tidlegare innvilga tilskot vil bli vurdert i  utmålinga av tilskot.

Bedrifter som har betalt ut utbytte til eigarar i 2020 og 2021 vil normalt ikkje kunne søkje.

 

Prioriteringar

Søknader blir heilheitsvurdert i samsvar med følgande prioriteringar:

  • Det er eit avgrensa beløp Vågå kommune har fått til fordeling og det kan bli naudsynt med ein skjønnsmessig prioritering av søknadane. Det er ikkje gitt at alle verksemder som søkjer vil få støtte og ein kan heller ikkje rekne med at omsetningssvikt/meirutgifter blir dekka fullt ut
  • Rekneskapstal og tildelt støtte – påløpte og uunngåelege kostnader, omsetningsfall, rekneskapsmessig tap, kostnadstilpassing, grad av dekning på andre støtteordningar og risiko for konkurs.
  • Vurdering – i kva grad verksemda er berørt av smittevernrestriksjonar og nedstengingar, u-kompensert arbeidsbelastning på leiarar og innleidde ansatte, risiko for permanent tap av permitterte ansatte, gjenopningskostnader og utsett driftskritisk vedlikehald på driftsmidlar.
  • Ei verksemd kan ha tap sjølv om den går med overskot. Eit tap kan målast i form av redusert inntening i ei periode samanlikna med tilsvarande periodar i normalår. Ein vanleg måte å berekne tap på, er å samanlikne omsetningstal frå ein månad eller ei periode i 2019 med tilsvarande månad eller periode i 2020 eller 2021.

 

Krav til søknaden

Søknaden skal sendast via regionalforvaltning.no innanfor frist. (hugs å trykke på "send inn" knappen)

Krav til vedlegg/dokumentasjon (i tillegg til det elektroniske søknadsskjemaet)

  • Kortfatta søknad med bakgrunnen for søknaden (forhold som har ført til omsetningssvikt eller meirkostnader), og oppstilling på korleis søknadsgrunnlag og søknadsbeløp framkommer
  • Dokumentasjon på omsetningstap i perioden frå 12.03.2020 til 1. juli 2021, samanlikna med 2019 (referanseår).
  • Årsregnskap (samanstillingar) for 2019 (referanse år), 2020 og 1. halvår 2021.
  • Dokumentasjon på all motteke offentleg tilskot i 2019, 2020 og 2021 inkl støtte frå kommunal og statleg kompensasjonsordning og andre Covid19- relaterte tilskotsordningar.
  • Søkaren må bekrefte at verksemda ikkje er skyldig arbeidsgivaravgift, forskotstrekk eller mva. for terminane 30.06.2021

 

Kven kan ikkje få stønad?

  • Bedrifter med omsetningsauke i perioda
  • Bedrifter som ikkje har hatt omsetning
  • Finansnæringen
  • Verksemder som på søknadstidspunktet er under konkursbehandling eller under frivillig eller tvungen avvikling

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen