(Du er ikke pålogget) 
 

Covid 19-midlar 6.søknadsrunde

Opprett ny søknad på støtteordning

Kommunal kompensasjonsordning for lokale verksemder ramma av tiltak knytt til Covid 19. 6-runde

 

Søknadsfrist 15.februar 2022

 

 

 

Øystre Slidre kommune viser til vedtak i  Stortinget 21. desember 2021 der det blir gitt ei løyving på

nye 500 millionar kroner til kommunal kompensasjonsordning for lokale verksemder ramma av tiltak knytt til Covid 19, der dei no løyver midlar for å gjennomføre ei 6.tilskotsrunde.

 

Løyvinga til Øystre Slidre kommune er på kr 1 296 000, og blir  etter delegert vedtak jpnr  22/232 fordelt slik og med desse søknadskriteria:

  • Kr 296 000,-  kan nyttast til fellestiltak som kan styrke kommunen som reisemål. Fellestiltaka må vera gjennomført før 1/7-2022. Ubrukte midlar blir overført til potten for direkte bedriftsstøtte.

     

  • Kr 1000 000,- blir fordelt av kommunen etter søknad frå bedrifter innanfor kategorien reisearrangørar, serverings- og overnattingsbedrifter. Søknadsgrunnlaget er samla omsetning for månadane desember 2019 og januar 2020  målt opp mot samla omsetning  månadane desember 2021 og januar 2022 i bedrifta. Tala må dokumenterast av revisor eller autorisert rekneskapsførar.

 

Kommunen vil i si sakshandsaming vurdere søknaden opp mot  direkte bedriftsstøtte gitt i søknadsrundane  2 og 5.

 

Det er ein føresetnad at bedriftsstøtta  ikkje kjem i konflikt med EU-vilkåra  om bagatellmessig støtte, som for 2021 er sett til 2,3 mill. kr for dei tre siste år.

 

Søknadsfrist for begge ordningane blir sett til 15.februar 2022.

 

Søknad må leverast gjennom www.regionalforvaltning.no

 

Spørsmål kan rettast til Kjell Håvard Tuv på kjell.tuv@oystre-slidre.kommune.no eller på tlf 91324077

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen