(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond - Vinje kommune - KMD tilskot 6. runde

Opprett ny søknad på støtteordning

Kommunal kompensasjonsordning 2022- 6.runde - Vinje kommune

Søknadsfrist 21.januar 2022

Det er ny tildeling til kompensasjonsordning til lokale verksemder som er hardt ramma av strenge lokale eller nasjonale smitteverntiltak og/eller nedstenging og som har hatt auka kostnadar eller tap som følgje av dette. 

KOMMUNAL KOMPENSASJONSORDNING COVID 19 – DEL 6 - TIL LOKALE VERKSEMDER I VINJE KOMMUNE
Vinje kommune har gjennom Kommunal og moderniseringsdepartementet fått tildelt kr 1 024 000,-til kommunal kompensasjonsordning for lokale verksemder, del 6.
Vinje kommune skal fordele midlane til lokale verksemder som på ny er hardt ramma av strenge lokale eller nasjonale smitteverntiltak og/eller nedstenging - og som har hatt auka kostnadar eller tap som følgje av dette og for at verksemdene kan oppretthalde arbeidsplassar og viktig kompetanse.

 
PRIORITERING AV SØKNADER
Verksemder i Vinje kommune innan servering, overnatting og reiselivsarrangørar vert prioritert.

Andre verksemder i Vinje kommune, som er ramma av dei same tiltak og restriksjonar, kan og søkje.

REGELVERK FOR BEHANDLING
Søknadene vert handsama i tråd med notifisert ordning for støtte - nasjonal paraplyordning (godkjent av ESA 16. april 2021), for bruk av den kommunale kompensasjonsordningen. Så meir info 
her. 

Stønad vert gjeve til aktive i verksemder lokalisert i Vinje kommune.

NETTSØKNAD
Søknad gjennom  
www.regionalforvaltning.no  

Søknad må innehalde namn på foretaket, organisasjonsnummer, tilskotsbeløp og opplysningar om tidlegare motteken støtte og kven som har gjeve denne støtta.

Verksemder som har betalt utbytte i 2021, eller tenkt å betale utbytte i 2022 kan normalt ikkje søkje.

Dokumentasjon:

  • Skatteattest
  • Reduksjon på omsetnad i høve til november 2021, eller 2019
  • Foreløpig rekneskap pr. desember 2021
  • Opplysningar om totalt beløp for tidlegare motteken støtte i samband med Covid 19.
  • Tal på tilsette

Vinje kommune kan etter spørje meir dokumentasjon om behov.

Søknadsfrist 21.januar 2022.

 

 
KONTAKTINFORMASJON
For ytterlegare informasjon og vegleiing kan søkjarar kontakte:
Vinje kommune, v/næringssjef
Knut Martin Edland
Telefon: 90947295
E-post: knut.martin.edland@vinje.kommune.no


 

 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen