(Du er ikke pålogget) 
 

Infrastrukturmidlar i reiselivet-utlysing 2015

Utlysing av Infrastrukturmidlar i reiselivet

 

Sogn og Fjordane fylkeskommune lyser ut 2 millionar kroner til infrastrukturtiltak i reiselivet i Sogn og Fjordane.

 

Tiltaka som vert støtta skal medverke til å nå måla i Reiselivsplanen Fjordane frå Bre til Hav 2010 – 2025.

Hovudmåla i reiselivsplanen:

  • Auka verdiskaping
  • Auke i tal gjestedøgn
  • Eit meir berekraftig reiseliv

 

Støtta skal gå til tilretteleggande tiltak som skal gjere dei mest særeigne attraksjonane i fylket meir tilgjengelege for turistar. Vi ynskjer spesielt å legge til rette for at turisten kan vandre for å oppleve attraksjonar som bre, fjord, fjell, interessante tettstader og kulturattraksjonar.

Kven kan søkje?
Alle kan søkje, og alle søknader skal vere koordinerte og forankra i det regionale destinasjonsselskapet. Alle søkjarar skal ta kontakt med destinasjonsselskapet for nærare informasjon og vidare koordinering. Attraksjonar og eventuelle reiselivsbedrifter vert oppmoda til å søkje i fellesskap der dette er naturleg.

Kva prosjekt kan få støtte?
Forprosjekt som skal greie ut nye tiltak, og hovudprosjekt som skal prøve ut nye tiltak kan få støtte.

Hovudprosjekta kan vere å utvikle nye tiltak, eller prøve ut nye tiltak, i inntil tre år. Midlane skal nyttast til tiltak med oppstart frå 2016.



Døme på infrastrukturtiltak kan vere (lista er ikkje uttømmande):

  • Ruteutviklingsprosjekt, men ikkje drift av ruter
  • Utvikling av elektronisk infrastruktur
  • Produktforbetring – tiltak som betrar den reisande si oppleving

 

Kva prosjekt og tiltak vert prioriterte?

  • Tiltak som bidreg til auka verdiskaping til reiselivsbedriftene i området
  • Tiltak som skapar auka trafikk i skulder- og vintersesong
  • Tiltak som støttar opp under fleire attraksjonar/reiselivsbedrifter
  • Tiltak som medverkar til auka overrislingseffekt
  • Tiltak som stør opp om vandring som aktivitet
  • Prosjekt med forankring i destinasjonsselskapet i regionen
  • Vi legg vekt på miljøprofil og berekraft ved tildeling av midlar
  • Kr 500 000 er sett av til forprosjekt, Kr 1 500 000 skal nyttast til gjennomføring av hovudprosjekt.

 

Kriterium for å få støtte

  • Hovudprosjekt vert støtta med inntil 50 prosent av kostnad. Forprosjekt kan støttast med inntil 100 prosent av kostnad, maksimalt 100 000 kr.
  • Eigeninnsats kan inngå som ein del av finansieringsplanen, og kan prissetjast til inntil kr 530 timen. Tal timar skal spesifiserast både i søknad og ved levering av rapport/rekneskap.
  • Tilskotet skal ikkje gå til bedriftsretta tiltak og tiltak som kan reknast som bedriftsutvikling. Tiltak som vert støtta skal vere opne og tilgjengelege for alle.
  • Tilskot som omhandlar transportutviklingstiltak, kan berre nyttast til å dekke eventuelt kostnader som ikkje vert dekka av billettinntekter.
  • Tiltaka skal ikkje ha samfinansiering med kommunale næringsfond.
  • Tilskotet skal ikkje gå til drift.
  • Prosjektet skal vere nyskapande, og midlane skal ha utløysande effekt for realisering.
  • Destinasjonsselskapa vurderer søknadane før innstilling, søkjar skal difor ta kontakt med destinasjonselskapet i sitt område for å få søknaden vurdert før den vert sendt inn.

 

Søknad

  • Søknaden skal opprettast elektronisk gjennom nettstaden www.regionalforvaltning.no
    Søknadsskjemaet inneheld obligatoriske felt i søknadsskjemaet som alle skal fyllast ut.

    Det er viktig at dei ulike prosjekta har målbare mål i så stor grad som mogleg, at prosjekta er forankra i måla i reiselivsplanen for Sogn og Fjordane og hjå destinasjonsselskapet.

Kontaktpersonar

Visit Sognefjord

Ståle Brandshaug

Tlf: 90 96 11 79

E-post: stale@sognefjord.no

Visit Fjordkysten
Wenny Iren Hansen

Tlf: 91 14 98 68

E-post: wenny@fjordkysten.no

 

Reisemål Stryn og Nordfjord

Marita Lindvik

Tlf: 48 14 86 99

E-post: marita@nordfjord.no

 

Sunnfjord Næringsutvikling

Julie Aaland Sotnakk

Tlf: 57 72 19 51

E-post: Julie.Aaland@sunnfjord.no

 

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Ingeborg Lysne McEvoy

Tlf: 90 63 48 37

E-post: ingeborg.lysne.mcevoy@sfj.no

For tekniske spørsmål til bruk av regionalforvaltning, kontakt:

Næringsavdelinga Sogn og Fjordane fylkeskommune 

Atle Reidar Sandnes

Tlf. 57 63 80 36

E-post: atle.reidar.sandnes@sfj.no

Birte Tuxen Bø

Tlf. 57 63 80 11

E-post:birte.tuxen.bo@sfj.no

 

Viktige datoar

Søknadsfrist 1. september 2015.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen