(Du er ikke pålogget) 
 

Idrettsstipend, klubb

Idrettsstipendet skal bidra til å inspirere unge idrettstalent, gi dei moglegheit til videre satsing og bidra til at dei når sine mål. Klubbar i fylket med god drift og høgt aktivitetsnivå kan søke om idrettsstipend til klubb.

Den samla ramma for idrettsstipendet er 150 000 kroner. Det delast ut tre stipend som er på 50 000 kroner kvar.

Skal du søke som enkeltutøvar? Stipenda har kvart sitt søknadsskjema. Følg denne lenka for å finne søknadsskjema til idrettsstipend til enkeltutøvar (lenke opnast i ny fane).

 

Kva kan du bruke stipendet til?

Dersom de får idrettsstipendet, kan de for eksempel bruke det til:

  • trenarhjelp
  • deltaking på trening/treningssamlinger
  • deltaking i konkurransar nasjonalt og internasjonalt
  • innkjøp av nytt utstyr

Klubbar kan for eksempel bruke stipendet til kompetansehevande tiltak eller innkjøp av utstyr.

 

Kven kan søke stipendet?

Klubbar i fylket som kan vise til god drift og høgt aktivitetsnivå.

 

Formål

Formålet med ordninga er å gi inspirasjon og motivasjon til enkeltutøvarar eller individuelle utøvarar og klubbar til å utvikle seg vidare. Samtidig håpar vi òg å kunne behalde dei unge utøvarane lenger i fylket.

Det vil også kunne gi klubbar moglegheit til arbeid med kompetansehevande tiltak eller innkjøp av utstyr.

 

Søknadsfrist

15. april

 

Retningslinjer

Retningslinjer for idrettsstipendet (PDF)

 

Tidlegare vinnarar

Du kan sjå ei oversikt over dei som tidligare har fått idrettsstipendet på nettsidene våre.

 

Kontaktperson

Hans Roger Tømmervold
rådgivar
Tlf. 71 28 03 19
Send ein e-post

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen