(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond (KNF) i Stranda kommune

GENERELLE VEDTEKTER

for

næringsfond

 

Stranda kommune

2018-2021 (gjeld også for 2023)

  

 

 

 

 

 


Heimel, kapital, avkasting

Næringsfondet vert finansiert av:

  1. Årleg løyving frå Møre og Romsdal fylkeskommune
  2. Renter og anna avkastning av fondskapitalen
  3. Inndraging av løyvingar frå ikkje-gjennomførte prosjekt.
  4. Eventuelle eigne midlar som kommunen har løyvd til fondet

 

Alle renter og anna avkastning skal førast som inntekt til fondet og må disponerast i samsvar med vedtektene. Det er ikkje høve til å opprette fond for berre delar av kommunen. Fondet bør vere mest mogleg næringsnøytralt.

 

Føremål

Kommunalt næringsfond skal brukast til å styrke nyskaping, innovasjon og næringsutvikling i Stranda kommune.

 

Kommunalt næringsfond kan berre brukast til nyetablerarar og bedrifter. Bedriftsretta tiltak (direkte stønad til bedrifter) kan vere i regi av einskildbedrifter eller i form av nettverk mellom bedrifter. Kommunen kan ikkje bruke næringsfondet til generelle, tilretteleggande nærings- og samfunnsutviklingstiltak.

 

Det kan berre gjevast stønad til tidsavgrensa utviklingsprosjekt.  

 

Dei bedriftsretta tiltaka kan omfatte investering i:

  • Produksjonsanlegg og utstyr
  • Profilering/merkevarebygging
  • Produktutvikling
  • Kompetansehevingstiltak (kurs, seminar)
  • Marknadsundersøking
  • Bedriftsutvikling
  • Rådgjeving
  • Nettverksbygging/bedriftsnettverk e.l.  

Stranda tilhøyrer sone III i Virkeområdet for distriktsretta investeringsstøtte, og KNF kan dermed nyttast til investeringsstøtte i maskinar og utstyr. Tildeling frå næringsfondet er etter EØS-regelverk for statsstønad definert som bagatellmessig stønad. Bedrifta har sjølv ansvar for ikkje å ta i mot meir enn beløpsgrensa for slik stønad.

 

Kommunale næringsfond kan ikkje brukast til:

  • Renter, avdrag og refinansiering av lån, kausjon og garantiar
  • Kjøp av aksjar eller investering i eigenkapital, uavhengig av organisasjonsformer
  • Ordinær drift av verksemder. All stønad som ikkje er knytt til konkrete utviklingsprosjekt vert sett på som driftsstønad. I bedrifter vil dette til dømes gjelde vedlikehald og utskifting av gammalt utstyr med nytt utstyr av same type.
  • Investeringar i, eller ordinær drift og vedlikehald av, offentlege oppgåver.
  • Bedriftsretta stønad som er konkurransevridande lokalt
  • Tilretteleggande næringsutviklingsarbeid i regi av kommunen eller andre organisasjonar

 

Investeringar som vert gjorde før søknad om stønad frå næringsfondet er handsama, skjer på eigen risiko for søkjaren.

 

Alle som søkjer må opplyse om kor mange nye arbeidsplasser tiltaket kan skape, eller medverkar til å sikre. Kommunen skal rapportere dette som ein del av årsrapporteringa til departementet.

 

Søknad

Kommunale næringsfond kan berre tildelast på grunnlag av søknad. Alle søknader  skal sendast inn via søknadsportalen www.regionalforvaltning.no , og skal også handsamast av kommunen via denne portalen.

 

Retningsliner for prioritering

Stønad frå næringsfondet skal gå til bedrifter og nyetablerarar som medverkar til vekst ved å

skape nye og/eller sikre eksisterande arbeidsplassar. Unge, kvinner og innvandrarar skal prioriterast.

 

Næringsfondet skal ha utløysande effekt. Dette er eit krav i overordna retningsliner frå fylkeskommunen. Utløysande effekt inneber at:

  • prosjektet ikkje vil bli gjennomført utan stønad
  • ·omfanget av prosjektet vil vere mindre utan stønad
  • prosjektet kan gjennomførast raskare med stønad

Sakshandsamar skal ved framlegging presentere ei skjønsbasert vurdering på dette punktet på grunnlag av samtalar med søkjar, gjennomføringsevne og ev. andre relevante opplysningar om søkjar.

 

Kommunalt næringsfond skal supplere, ikkje erstatte, andre offentlege stønadsordningar for bedrifter.

 

Prioriteringane skal gjerast på basis av dei til ei kvar tid gjeldande føringar frå fylket t.d. «Handlingsprogram for verdiskaping», gjeldande retningsliner for kommunale næringsfond i Møre og Romsdal og i kommunale vedtekter (dette dokumentet). Prioriteringar gitt i strategiske dokument (t.d. strategisk næringsplan og landbruksplan) for kommunen skal også vere retningsgjevande.

 

Dei kommunale vedtektene vektlegg følgjande moment:

 

  • Om tiltaket gjeld etablering av ny verksemd, og/eller inneheld stor grad av nyskaping i eksisterande verksemd
  • Om tiltaket gir betra sysselsetjing, og spesielt for kvinner og ungdom
  • Om prosjektet har utløysande effekt
  • At tiltaket har ein (klar) miljø- og klimaprofil
  • Kvalitet på søknad / forretningsplan / anna dokumentasjon 

 

Vektinga av dei ulike parametrane ovanfor skal gjerast som del av løyvingsprosessen, og kan endrast og tilpassast dei utfordringane kommunen har til ei kvar tid. Men nyetableringar og mindre verksemder (1-10) skal i alle høve ha prioritet ved tildeling frå næringsfondet. Det same gjeld prosjekt som fører til betra sysselsetting for kvinner og ungdom.                                                                                                                                                                        

 

Frist for gjennomføring og reglar for eigeninnsats

Frist for gjennomføring av tiltak som får stønad er 12 månader frå dato tilsegna er gitt.

Søkjar kan be om utsetjing.

 

Ved utrekning av kapitalbehov inngår normalt reine pengeutlegg. Unntaksvis kan eigen

arbeidsinnsats reknast inn i kapitalbehovet. Eigeninnsats for privatpersonar kan i slike høve prissetjast inntil kr 200,- pr. time.

 

Dersom tilskotsmottakaren er eit regnskapspliktig selskap som brukar eigne tilsette i form av eige arbeid, må selskapet kostnadsføre eigeninnsatsen i rekneskapen for at det skal kunne vere del av godkjent kostnadsgrunnlag. I slike tilfelle skal eigeninnsatsen prissettast til 1,2 promille av årslønn, maks. kr 600,- pr. time.

 

Det skal førast timeliste for dokumentasjon.

 

 

Stønadsformer

Frå næringsfondet kan det berre løyvast stønad i form av tilskot, dvs. ikkje lån.

 

Midlane skal ikkje brukast til betaling av renter/avdrag og heller ikkje til teikning/ kjøp av aksjar eller lutar i private verksemder. 

 

Midlane kan ikkje nyttast som garantiar for lån til næringsverksemd (jf. Kommunelova § 51).

 

Stønadsvilkår

Det kan ikkje gjevast tilsegn som går ut over det som til ei kvar tid står inne på næringsfondet. Det kan heller ikkje gjevast tilsegn som legg til grunn løyving frå fylkeskommunen påfølgjande år.

 

Samla løyving frå næringsfondet til private næringstiltak skal ikkje overstige 50% av totale kostnader (dvs. den godkjende kostnadsplanen for tiltaket), og er avgrensa oppover til 150 000 kr. Til nyetableringar kan næringsfondet i særlege høve delta med inntil 75% av finansieringa.

 

EØS-regelverket gir overordna retningsliner for tildelingar av offentleg stønad, m.a. at det maksimalt kan løyvast 200 000 EURO,- til eitt og same føremål i éi og same verksemd over ein periode på tre år, sjå neste avsnitt. Verksemder som tek i mot stønad pliktar difor å opplyse om det er motteke stønad frå næringsfondet ved eventuelle ytterlegare søknader på offentlege midlar innan utlaupet av treårsperioden.

 

Prosjekt som er så store at trongen for midlar er over halvparten av tildelinga frå fondet, bør drøftast med Møre og Romsdal fylke v/Regional- og næringsavdelinga og/eller Innovasjon Norge. Grensa for bedriftsretta stønad følgjer av årleg tildelingsbrev, og omfattar totale kostnader for prosjektet. Prosjekt som har eit totalt kapitalbehov over denne grensa skal sendast til Innovasjon Norge.

 

Utover dette skal ein legge til grunn følgjande føringar:

  • Nyetablering vs. eksisterande bedrifter: Dersom ein står overfor om lag likeverdige val (‘poengsum’) om å løyve til ei nyetablering og ei allereie etablert bedrift som fått tildeling frå fondet dei siste tre åra, skal ein som hovudregel prioritere nyetableringa, sjølv om ein ikkje har nådd tilskottstaket (200 000 EURO) for den etablerte bedrifta. Jf. også pkt. 3.

     

  • Nedre grense for søknad: Nedre grense for å søkje næringsfondet om stønad er at totale kostnader for prosjekt er større enn 50 000 kr.

     

  • Karantene: Det er ikkje absolutte karantenereglar for fondet i den forstand at ein ved tildeling er avskoren frå å søkje på nytt før etter eit visst tidsrom, men det bør vere eit mål å få flest mogleg nye etablerarar som søkjarar. Jf. også neste kulepunkt.

     

  • Overlevingsevne/utviklingspotensial: Alle søkjarar har altså krav på ei vurdering der ein også kan vurdere utsiktene til overleving og utviklingspotensial ved ev. vidareføring av tidlegare stønad. Ei verksemd som tidlegare har fått stønad, men kjem i ein likviditetsmessig vanskeleg situasjon («dødens dal»), kan med andre ord oppnå vidare stønad dersom dette sikrar overlevinga til verksemda. Saksutgreiar kan i slike høve be om naudsynt dokumentasjon.

 

Forholdet til internasjonale avtalar på statsstønadsområdet

Artikkel 61 i EØS-avtalen set som hovudregel forbod mot offentleg stønad til næringslivet. Det er gitt ei rekkje unntak frå dette, t.d. bagatellmessig stønad. Kommunale næringsfond er omfatta av regelverket for bagatellmessig stønad. Det kan gjevast inntil 200 000 euro i slik stønad over ein rullerande treårs periode. Det er søkjar sitt ansvar å opplyse om ev. tidlegare motteken bagatellstønad i søknaden.  

Det kan ikkje gjevast stønad som er i strid med internasjonale avtalar der Noreg er part. Det kan difor ikkje gjevast stønad til primær stålproduksjon, til transport eller til direkte eksportkostnader, inkludert etablering og drift av distribusjonsnettverk.

Det kan likevel gjevast bagatellmessig stønad til følgjande tiltak i samband med eksport:

  • Rådgjeving for å identifisere verksemda sine behov og val av tenester
  • Kompetansehevande tiltak
  • Utarbeiding av eksportmarknadsplan (utført av ekstern konsulent)
  • Studiar eller konsulenttenester som vil vere naudsynte for å lansere eit nytt produkt eller eit eksisterande produkt på ein ny marknad
  • Marknadsundersøkingar/ innhenting av marknadsinformasjon (utført av ekstern konsulent)
  • Deltaking på messer

 

Dersom EFTA sitt overvakingsorgan ESA finn at stønad er gitt i strid med regelverket om offentleg stønad i EØS-avtalen, kan ESA krevje at støtta blir tilbakebetalt.

 

Kunngjering

Høve til å søkje stønad frå kommunalt næringsfond skal kunngjerast i lokalavis og på kommunen sine heimesider. Kunngjeringa må opplyse om målgruppe, føremålet med ordninga, tildelingskriterium, kva opplysningar som trengst i søknaden og eventuell søknadsfrist.

 

 

Tildelingsbrev

Avgjersle om tildeling av tilskot skal vere skriftlig dokumentert i form av eit tildelingsbrev som skal sendast kvar einskild tilskotsmottakar. Tildelingsbrevet skal innehalde:

  • Føremål, dvs. kva tiltak tilskotet skal brukast til
  • Tilskotsbeløp
  • Utbetalingsvilkår
  • Vilkår for bruken av tilskotet og eventuell frist for mottakar til å akseptere vilkåra
  • Krav til rapportering
  • Informasjon om kontrolltiltak som kan bli sette i verk
  • Moglege reaksjonsformer dersom mottakar ikkje opptrer i samsvar med føresetnadene for tilskotet
  • Informasjon om klagerett

 

Tilskotsmottakar skal skriftleg akseptere at tilskotet er motteke med dei vilkåra som gjeld.

 

 

Forvaltning

 

Fondsstyre

Formannskapet forvaltar fondet og er fondsstyre. Avgjerdsmynde er delegert frå fondstyret til rådmannen for unytta midlar sett av til klager ved hovudtildelinga pluss ev. inndregne midlar for prosjekt som ikkje er gjennomførte etter plan. Slike tildelingar må i så fall vere på ein del av reservetildelinga på prioriteringslista frå fondsstyret. Slike midlar kan disponerast utan ny utlysing av fondet.

 

Forvaltninga næringsfondet skal følgje Staten sitt økonomireglement og Forvaltningslova. Det er særleg viktig at ordninga blir gjort kjend, at det blir gjeve klagerett på vedtak, og at det blir skrive tildelingsbrev. Vedtak om tildeling av næringsfond skal vere offentlege.

 

Kommunane kan nytte inntil 5 % av løyvinga til å delvis dekkje eigne administrasjons- og

gjennomføringskostnader ved forvaltning av dei kommunale næringsfonda. Kostnadane skal vere knytt til tilsette som har ansvar for søknadsbehandling, tilskotsforvaltning, prosjektoppfølging og rapportering. Både løn, sosiale utgifter, overhead og reisekostnader kan dekkjast. Beløp sett av til eigne gjennomføringskostnader skal registrerast i RF13.50.

 

Dersom fondsstyret ikkje gir anna melding, skal sakshandsamar automatisk kunne reservere denne summen før forslaget til tildeling frå KNF vert presentert for fondsstyret.

 

 

Tal tildelingar

Stranda kommune har hittil praktisert éi årleg tildeling frå næringsfondet. Så lenge denne praksisen gjeld og dersom nokon i perioden mellom tildelinga frå kommunen og fram til ny tildeling frå Møre og Romsdal fylke etterfølgjande år trekkjer søknaden eller det vert frigjort vesentlege midlar av andre grunnar (t.d. underkjenning av prosjekt med løyving eller manglande gjennomføring), kan næringssjefen bestemme å gjennomføre ei utlysing nr. 2. Krava til kunngjering og handsaming er dei same som ved første gongs utlysing. Ein kan også gjere bruk av delegasjonsfullmakta rådmannen har (inntil 25 000 kr) i slike tilfelle, dersom dette gir ei løysing. I tillegg disponerer næringssjefen såkalla avklaringsmidlar gjennom hoppid.no-satsinga.

 

Rådmannen/næringssjefen får fullmakt til å disponere unytta del av midlar frå hovudtildelinga og/eller av klagepotten til søknader som kjem inn etter klagefristen er ute og før ny tildeling etterfølgjande år. Det skal stillast dei same krava til slike søknader som ved den ordinære søknadsomgangen.

 

 

Plassering av fondsmidlane

Fondsmidlane skal plasserast på renteberande konto slik at midlane er disponible til ei kvar tid. Innbetaling av renter og avdrag vert førte attende til næringsfondet.

 

 

Saksutgreiing

Saksutgreiing til fondsstyret vert utført av administrasjonen. Under saksutgreiinga bør administrasjonen søkje kontakt med fylkeskommunen og andre fagmiljø i teknisk/økonomisk kompliserte saker, eller der  samla kapitalbehov er omfattande,  jf. pkt. 5.

 

Innsynsrett

Ei tildeling frå næringsfondet vil i utgangspunktet vere omfatta av offl. § 2 slik at innsyn kan krevjast. Det er likevel slik at det kan vere unntak frå innsynsretten ut i frå offl. § 13 for opplysningar som er underlagt teieplikt. Dette kan t.d. dreie seg om lovpålagt teieplikt i fvl.

§ 13. Sakshandsamar må i kvart einskilt tilfelle vurdere kva det kan gjevast innsyn i og ikkje.

 

Avslag

Alle avslag på søknader skal grunngjevast, jf. fvl. § 24.

 

Tilsegnsbrev

Kommunen skal etter vedtak sende ut tilsegnsbrev med vilkår for tilsegna. Tilsegnsbrevet skal gi ein frist for ferdigstilling og informasjon om dokumentasjonskrav knytt til utbetalinga.

Tilsegnsbrevet skal gi opplysningar om klagerett, sjå pkt. 8.

Krav til rekneskapsføring og dokumentasjon

Tilskotsmottakar skal føre separat regnskap for bruken av tilskotet. Utbetalingar skal i utgangspunkt skje etterskotsvis mot rapport og regnskap. 

For tilskot over 100 000 kr vert det kravd revisorattestert regnskap og prosjektrapport.  Tilskotsmottakar som ikkje er revisjonspliktig kan få rekneskapen stadfesta av autorisert rekneskapsførar. Kommunane kan etter ei vurdering også krevje attest frå revisor/autorisert rekneskapsførar for tilsegn under 100 000 kr.

 

Utbetalingar

Søkjaren må sjølv be om utbetaling. Dette skal skje på same portalen som når ein søkjer, dvs. www.regionalforvaltning.no . Utbetaling frå næringsfondet skjer etterskotsvis. Ein kan be om delutbetaling eller sluttutbetaling. Næringssjefen kan vurdere delutbetalingar og vilkår for dette,  men det skal ikkje betalast ut meir enn 75% av tilskotet før prosjektet er avslutta og sluttrapport godkjent.  

 

Ved sluttutbetaling må kostnadene dokumentrast og leggast inn som vedlegg til søknaden om utbetaling. Dei må dessutan vere i samsvar med søknad og tilsegn.

 

 

Søknader og rapportering

All forvaltning inkl. søknader og oppmoding om delutbetaling skal skje via sakshandsamings-systemet Regionalforvaltning (www.regionalforvaltning.no). Dette inneber også krav til skriftleg rapportering frå tilskottsmottakar.

 

Stønad vert gitt berre til søkjarar som har gjennomført oppstartsamtale med hoppid-kontoret. Søkjar tek sjølv initiativ til samtalen. I denne samtalen kan søkjar stille spørsmål og få naudsynt informasjon og rettleiing om regelverk og gangen i søknadsprosessen.

 

Søkjar kan inviterast til å halde ein kort presentasjon av prosjektet sitt for fondsstyret.

 

Sakshandsmar skal delta i møte med stønadsmottakar både i startfasen, under og i avslutningsfasen av prosjektet og i ev. møte med Innovasjon Norge.

 

Næringssjefen kan krevje mellomrapportar (t.d. midtvegsrapport) i tilfelle der det er gitt særleg store løyvingar, eller dersom ein av andre grunnar finn det føremålstenleg. Det kan også stillast krav om meir utfyllande informasjon (t.d. ein forretningsplan) enn det som må fyllast ut i standard søknadsskjema dersom det er tale om større/kompliserte prosjekt.

 

Attendebetaling av løyvingar

Dersom kommunen etter at tildelinga vert kjend med at ein søkjar har handla i strid med norsk lov og dette er skjedd i regi av den verksemda det er løyvd stønad til, kan kommunen krevje at pengane vert betalt attende – heilt eller delvis. Kommunen skal heller ikkje betale ut midlar dersom søkjar er under etterforsking av politiet.

 

Klage

 

Vedtak i næringsfondet er å rekne som einskildvedtak [1] etter fvl. og kan dermed klagast på av ein part eller ein person med rettsleg klageinteresse.

 

Klageorgan

Klageorgan er fondsstyret (formannskapet).

 

Dersom ein klage vert oppretthalden av fondsstyret, skal klagen sendast vidare til kommunestyret.

 

Lovheimlar

Det kan klagast etter kommunelova § 59 (lovlegskapsklage), og etter forvaltningslova § 28 (forvaltningsklage, partsklage).

 

 

Klagefrist

Klagefristen for einskildvedtak er etter forvaltningslova § 29 er 3 veker frå det tidspunktet underretting om vedtaket er nådd fram til parten.

 

Rapportering

Kommunen skal kvart år rapportere bruken av det kommunale næringsfondet etter reglar fastsette i tildelingsbrevet. Årsmeldinga skal òg leggast fram for formannskapet.

 

Godkjenning av vedtektene

Vedtektene kan endrast etter vedtak av kommunestyret. Møre og Romsdal fylke v/Regional- og næringsavdelinga skal ha avprent av godkjende vedtekter.



[1] Vedtak som gjeld rettar og plikter til ein eller fleire bestemte personar.

 

 

 

 

 
 

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen