(Du er ikke pålogget) 
 

Brannsikring av tette trehusområde

Opprett ny søknad på støtteordning

Treng du hjelp til å søke? Sjå her:

https://regionalforvaltningno.freshdesk.com/support/solutions/articles/4000081770-hvordan-registrere-en-ny-bruker-video-

https://regionalforvaltningno.freshdesk.com/support/solutions/articles/128942-opprette-en-ny-s%C3%B8knad

https://regionalforvaltningno.freshdesk.com/support/solutions/articles/128961-anmode-om-utbetaling

 

Tilskot til brannsikring av tette trehusområde

Tilskot til brannsikring av tette trehusområde skal bidra til den nasjonale målsettinga om at «branner med tap av uerstattelige nasjonale kulturverdier ikke forekommer». Målsettinga er at alle dei tette trehusområda skal ha ein brannsikringsplan nyare enn 5 år, og at alle tiltaka i plana skal vere gjennomført. Tilskota blir løyvd frå statsbudsjettet for 2022, kapittel 1429 post 73.

Kven kan søke?

Tilskot kan bli gitt til bygg og anlegg innanfor definerte tette trehusområde av kulturhistorisk verdi i Riksantikvaren si oversikt. Oversikta finn du nedst på sida. For eksempel kan kommunar og eigarar av bygningar og anlegg som er omtalt i oversikta søke om tilskot.

Kva kan du søke tilskot til?

Tilskot kan bli gitt til tiltak som bidrar til at brann blir oppdaga raskt, hindrar spreiing og som legg til rette for enkel sløkking. Tilskot kan og bli gitt til utarbeiding eller revidering av brannsikringsplan.

Eksempelvis:

  • Innvendig branndeteksjon
  • Utvendig branndeteksjon
  • Sprinklaranlegg til loft
  • Utvendig brannslangar
  • Bygningsmessige tiltak (isolering/brannskiller på loft og liknande)
  • Utarbeide brannsikringsplan

Prosjekt som prøvar nye metodar med overføringsverdi til andre område blir prioritert.

Det blir normalt ikkje gitt tilskot til:

  • Tiltak som eigar er pålagd å sørge for, som kontrollar og utbetring av elektriske anlegg, piper og eldstader
  • Utstyr for brannvesenet
  • Brannsikker søppelhandtering

Søknadsfrist:

1.november

Korleis søkjer du:

Du søker støtte via Regionalforvaltning, sjå lenke på toppen av sida. Her kan du òg følge med på sakshandsaminga.

Søknaden må innehalde:

  • Skildring av prosjektet det blir søkt om tilskot til
  • Skildring av kva for arbeid som blir planlagt gjennomført, korleis dei er planlagt
  • Plan for gjennomføring av tiltak med eventuelt samarbeidspartnarar og framdriftsplan
  • Spesifisert kostnadsoverslag, budsjett og finansieringsplan

Vedlegg til søknaden i Regionalforvaltning

  • Skildring av nødvendige brannsikringstiltak frå brannvernkyndig ekspertise (obligatorisk) 
  • Kart og foto av det aktuelle tiltaksområdet – oversiktsbilete og detaljbilete (obligatorisk) 
  • Tilbod frå entreprenør/leverandørar med kostnadsoverslag (obligatorisk) 
  • Eksisterande brannsikringsplan – inkludert opplysningar om år for utarbeiding og dato for siste revisjon (obligatorisk dersom ei slik plan føreligg)

 

Oversikt over dei tette trehusområda

Tette trehusområde Kommune
Innlandet Kristiansund
Grip Kristiansund
Veiholmen Smøla
Surnadalsøra Surnadal
Todalsøra Surnadal
Bud Hustadvika
Søre Bjørnsund Hustadvika
Nordre Bjørnsund Hustadvika
Hellesylt Stranda
Frøysatunet Stranda
Geiranger sentrum Stranda
Alnes Giske
Naustrekke Giskehamna Giske
Dyrkorn Fjord
Kyrkjegata Ørsta
Ona Ålesund
Husøy Ålesund
Molovegen—Brunholmgata (H_350) Ålesund
Trehusbyen på Aspøya østre del (H_350) Ålesund
Trehusbyen på Aspøya vestre del (H_350) Ålesund
Ringgata (H_350) Ålesund
Sorenskriver Bulls gate (H_350) Ålesund
Ysteneset—Vannspringdalen (H_350) Ålesund

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen