(Du er ikke pålogget) 
 

Ein bit av historia

Opprett ny søknad på støtteordning

– Verdiskaping på kulturminneområdet

Kjernen i verdiskapingsprogrammet «Ein bit av historia» er å respektere, vidareutvikle og framheve lokalsamfunnets historiske kulturarv, autentiske kultur, tradisjonar og særpreg. I første prosjektperiode, 2019–2021, er tema verdiskaping langs historiske ferdselsårer i Møre og Romsdal; Den Trondhjemske postveg og pilegrimsledene Kystpilegrimsleia og Valldalsleia.

Frå 2022 skal satsinga utvidast med to nye tema; fyr- og kystled og krigsminne.

Kven kan søke?

  • Kommunar
  • Regionmuseum og lokale museum
  • Frivillige lag og organisasjonar
  • Næringsaktørar

Kva kan du søke tilskot til?

  • Utviklingsarbeid for å fremme bevaring og bruk av kulturminne knytt til dei historiske ferdselsårane, for eksempel enkel istandsetting, skilting, skjøtsel
  • Prosjektsamarbeid til arbeid med formidling av kulturminne knytt til dei historiske ferdselsårane, med særskilt vekt på nye løysingar for digital formidling
  • Mobilisering til arbeid med kulturminne

Tilskot til større restaureringsprosjekt blir ikkje prioritert i denne ordninga.

Søknadsfrist:

Løpande

Korleis søker du støtte?

Her er det mogleg å sende inn opne søknadar om tilskot til prosjekt og tiltak knytt til verdiskaping på kulturminneområdet, med dei tema som er nemnd ovanfor. Før du startar med søknaden, må du kontakte saksbehandlar for å avklare om prosjektet fell innanfor ordninga. Etter avtale med saksbehandlar, kan du søke støtte via Regionalforvaltning. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.

Søknaden må innehalde:

  • Prosjektbeskriving
  • Organisering av prosjektet (samarbeidspartnarar)
  • Kostnadsplan
  • Finansieringsplan
  • Gevinstar eller forventa effekt

Treng du hjelp til utfylling av søknaden? Ta ein titt på dette dokumentet for innspel til kva vi ser etter i søknaden (lenke opnast i ny fane).

Vilkår for tilskot:

  • Tilskotet gjeld prosjektet slik det er skildra i søknaden. Dersom de endrar på prosjektet utan vår godkjenning, kan vi trekke tilskotet tilbake.
  • Tilskotet kan utgjere mellom femti og syttifem prosent av det prosjektet kostar. Det betyr at tilskotet kan bli redusert dersom prosjektet viser seg å koste mindre enn de hadde budsjettert med.
  • Det skal gå fram av program, informasjonsdokument, rapportar og liknande at de har mottatt tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Les elles gjeldande vilkår for kulturtilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune (lenke opnast i ny fane).

Krav til rapportering:

Rapporten og utbetalingsoppmodning sendast inn via Regionalforvaltning innan fristen. Logg inn og finn søknaden som er innvilga, og be om utbetaling.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen