(Du er ikke pålogget) 
 

Friluftslivets ferdselsårer - stimuleringsmidler 2023

Opprett ny søknad på støtteordning

Treng du hjelp til å søke? Sjå her:

https://regionalforvaltningno.freshdesk.com/support/solutions/articles/4000081770-hvordan-registrere-en-ny-bruker-video-

https://regionalforvaltningno.freshdesk.com/support/solutions/articles/128942-opprette-en-ny-s%C3%B8knad

https://regionalforvaltningno.freshdesk.com/support/solutions/articles/128961-anmode-om-utbetaling

 

Friluftslivets ferdselsårer – søknad om stimuleringsmidlar for 2023

 

Moglegheiter til å utøve friluftsliv er viktig for våre innbyggjarar. God tilgang der folk bor er viktig for trivsel, helse og grøn transport, og difor også viktig for å utvikle berekraftige kommunar.

 

Friluftslivets ferdselsårer er eit fleirårig prosjekt som er satt i gang av Klima- og miljødepartementet (KLD). Prosjektet starta i 2019.

Prosjektet skal fremme kartfesting, planlegging,  opparbeiding, og skilting og merking av samanhengande nettverk av ferdselsårer for friluftsliv.

 

Kommunar som følger ein plan for friluftslivets ferdselsårer, vil i åra som kjem bli prioritert i fordelinga av tilskot til friluftslivsanlegg.

 

Arbeidet med prosjektet består av 3 fasar:

  • Fase 1: Kommunen melder inn status til Kartverket sin database for turruter.
  • Fase 2: Kommunen utarbeider plan for friluftslivets ferdselsårer.
  • Fase 3: Kommunen og samarbeidspartar realiserer planlagde tiltak.

 

Kven kan søke?

  • Kommunar

 

Kva kan du søke tilskot til?

Kommunen kan søke økonomisk støtte for å gjennomføre fase 1 og 2:

  • Fase 1: Kommunen kan søke om
    20 000,-  kroner til støtte for gjennomføring av kartfesting av rutenettet.
  • Fase 2: Kommunen kan søke om
    30 000,- kroner til arbeidet med plan for friluftslivets ferdselsårer.

 

Det er i tillegg sett av ressursar i kvart av de to friluftsråda i fylket som kan bidra inn i arbeidet. Desse kan hjelpe med:

- rådgjeving for korleis arbeidet kan gjennomførast etter rettleiaren og tilpassing til kommunen sine behov.

- koordinering av møter.

- bistand med bruk av kartverktøy.

-hjelp til registrering av turruter hos Kartverket

- arrangere regionale eller lokale samlingar for kunnskapsdeling eller involvering, anna prosjektstøtte mm.

 

Når planen er utarbeida, kan spelemidlar, tilskot til statlig sikring av friluftslivsområder (post 30) og tilskot til tiltak i statlig sikra friluftslivsområder (post 78) være aktuelle kjelder til finansiering av fase 3.

 

Kommunar som følger ein plan for friluftslivets ferdselsårer, vil bli prioritert i fordelinga av tilskot til friluftslivsanlegg.

 

 

Arbeidet skal skje i tråd med Miljødirektoratet sin rettleiar "Plan for friluftslivets ferdselsårer".

Satsinga er forankra i Nasjonal handlingsplan for friluftsliv (2018)
og Stortingsmelding 2018 (2015-2016) Friluftsliv - Natur som kilde til helse og livskvalitet.

 

Søknadsfrist:

1. juni 2023

 

Korleis søker du?

Støtteordninga opnar for nye søknadar 20. april Når ordninga er open kan du søke støtte via Regionalforvaltning, sjå lenke under. Her kan du òg følge med på saksbehandlinga.

 

For å få behandla søknaden din, må søknadsskjema i Regionalforvaltning fyllast ut.

 

Søknaden må i tillegg innehalde:

-Enkel plan for framdrift

-Markering på kart av kva for område plana skal dekke.

Dette kan leggast inn som vedlegg i søknaden.

 

Saksbehandling

Kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har normalt fire veker saksbehandlingstid for søknadar om tilskot, frå første yrkedag etter søknadsfrist. Målsetninga er likevel ei raskare saksbehandling.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen