(Du er ikke pålogget) 
 

Kommunalt næringsfond Vik kommune 2022

Opprett ny søknad på støtteordning

Retningslinjer for tilskot til næringsformål
Vedteke i Vik kommunestyre 11.2.21 (sak 012/21).
1. Generelt om reglementet
Vik kommune får årleg inntekter frå vasskrafta i kommunen gjennom konsesjonsavgifter som vert satt på eit fond – kraftfondet. Fondet skal, i følgje vedtektene, nyttast til å fremja etablering av ny næringsverksemd og vidareutvikling av eksisterande verksemder i kommunen.
Frå kraftfondet gjev Vik kommune tilskot til næringstiltak som:
? Skapar nye arbeidsplassar, enten ved etablering av nye verksemder eller ved utvikling av eksisterande verksemder.
? Trygger eksisterande arbeidsplassar.
? Aukar produksjonen i landbruket
? Aukar bulyst og omdømme til kommunen gjennom utvikling i bygdene.
Det vert gjeve fire ulike typar tilskot:
? Oppstarts- og opplæringstilskot
Tilskot til nyetablering, kurs og kompetanseheving, tilsetting av lærlingar og traineear i nye stillingar. Slike tilskot vil ha mindre krav til søknad, handsaming og rapportering enn store prosjekt.
? Prosjekttilskot
Tilskot til investeringar i næringsbygg, produktutvikling, driftsmidlar og liknande. Vik kommune er positive til god idéar og satsingar i kommunen og ynskjer å bidra til at dei rette idéane vert realiserte.
? Bygdeutvikling og omdømebygging
Tilskot til arrangement og andre tiltak som bidreg auka til bulyst og omdømme.
? Landbrukstilskot
Særlege tilskot til landbruk.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen