(Du er ikke pålogget) 
 

Strømstøtte 2023

Straumstøtte nærbutikk

Daglegvarebutikkar som deltek i Merkur-programmet, kan søkje om straumstøtte for juli-oktober 2023. For å få støtte må butikken ha betalt meir enn 70 øre per kWh i snitt den månaden den søkjer støtte til.

Dette kan du få støtte til

Straumstøtta skal gå til å dekkje straumkostnader i perioden frå juli til oktober 2023. Det vert to søknadsperiodar:

  • Juli-august
  • September-oktober

Desse butikkane kan få straumstøtte

  • Den faktiske straumkostnaden for butikken (utan avgifter og nettleige) må ha vore over 70 øre per kWh. i snitt den månaden butikken søkjer støtte for.
  • Butikken må vere daglegvarebutikk og registrert som Merkur-butikk etter Merkur-forskrifta §3 første ledd, vere open heile året og ha hatt høge straumutgifter i perioden 1. juli til 31. oktober 2023.
  • Butikken kan ikkje få straumstøtte frå både Merkur-programmet og andre offentlege ordningar den same månaden (t.d. energitilskotsordninga hos Enova eller kommunal straumstøtte).
  • Butikken må ha gjennomført ei enkel energikartlegging.
  • Butikken kan ikkje vere under gjeldsforhandling eller ha meldt oppbod.
  • Butikkar som mottek straumstøtte, kan ikkje betale ut utbytte i 2024.
  • Føretak som er underlagt sanksjonar som svar på Russland sin militære aggresjon mot Ukraina, kan ikkje få straumstøtte.

Så mykje kan du få i støtte

Støttebeløpet er inntil 80 % av den faktiske straumkostnaden (utan avgifter og nettleige), fråtrekt 70 øre per kWh av den støtteberettiga prisen.

Søknadsfrist

Støttordninga gjeld for perioden juli-oktober 2023. 30.november 2023 er siste frist for å sende inn søknad.

 

Støtteordninger


Flere utvalg på støtteordninger
De siste ordningene innen